onsdag 4. juli 2012

Dagens anbefaling

Eg er heimehøyrande på ein liten stad på vestlandet i ekte "Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu"-stil. Me slit med fråflytting og nedbygging, som så mange andre småkommunar rundtom i landet.  Men me er så heldige å ha innbyggjarar som er uredde og nyskapande, og som ikkje går av vegen for å tenkje stort.  Er du ute etter ei unik oppleving i nostalgiske og romantiske omgjevnader vil eg få anbefala eit besøk på Haaheim Gaard.  

Då eg og mannen gifta oss sist haust hadde me bryllaupsmiddagen vår hos Torstein og Svein Henning på Haaheim.  At maten smakar fortreffeleg og omgjevnadene er fantastiske er ei side av Haaheim-opplevinga. Men den ekstra dimensjonen besøket gjev ved at vertskapet underheld med både song, gode historiar og overraskande stunt, gjer at du ønsker at kvelden aldri skal ta slutt. 

Haaheim Gaard kan sporast tilbake så langt som til middelalderen, men mange endringar har skjedd gjennom fleire hundre år og fram til idag. Tunet slik det framstår no vart starta utbygd i 1886, og sveitserhuset som er hovudhuset på garden vart oppført i 1907.  Våren 2011 utvida Haaheim Gaard den nye delen av tunet, med eit storslått nybygg med storsal, nytt kjøkken samt 4 flotte rom for overnatting i overetasjen.  

I tillegg til dei flotte husa på garden er ein tur i den nydeleg opparbeida rosehagen absolutt å anbefale. Her vandrar ein gjennom ulike "rom" i hagen, med ulike lukter og stemningar. 
Haaheim Gaard spesialiserer seg på kortreist mat og vart i januar tildelt Bygdeutviklingsprisen for 2011.

Har du moglegheten, legg gjerne turen innom Haaheim Gaard, og eg set ein liten slump med pengar på at du kjem tilbake.

Nokre bileter frå interiøret i storsalen, tatt av mi kjære svigerinne:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3