onsdag 19. september 2012

Hausten i mitt hjarte


Endelig er hausten her !
Eg høyrer til den delen av befolkninga som elskar mørke kveldar,  levande lys og vedfyring. Ingen ting slår dette når det kjem til kos. Og kos, det likar me :)
Hausten, og våren og forøvrig, bringer med seg nokre ting som etter kvart har blitt ein tradisjon her i heimen, nemlig ommøblering.  Ein del gjer nok dette mykje oftare enn me gjer, men eg held meg gjerne til desse to tidene av året.

Om våren og sommaren er det aller viktigaste å få lyset inn i huset.  Tette gardiner vert bytta ut med lyse florlette variantar, og sittegrupper vert snudd meir mot vindaugene slik at me ser rett ut i den fantastiske naturen me omgjer oss med.
Haust/vinter hentar eg fram igjen dei tette og litt mørkare tekstilane, møblane vert vendt inn i romma slik at me får mørket i ryggen når me samlast til sofakos.  Og så må me absolutt ikkje gløyma dei levande lysa.  Hausten startar eit lysmaraton for min del.  Eg har ikkje tal på kor mange enkle te-lys me nyttar i løpet av den mørkaste tida av året.  Det er IKKJE få :)

Resultatet av siste ommøblering enda m.a. i at me flytta den eine sofaen frå storstova og inn på kjøkkenet og laga ein kosekrok der inne òg.  Om det var vellukka ? Så absolutt !
No er det faktisk krig om å få plass i kjøkkenkosekroken.  Og med ein liten TV på veggen kan mor få kosa seg med sine favorittseriar medan far er i overkant engasjert i fotballkampane i TV-stova.  Rett og slett ei "vinn-vinn-ommøblering", spør du meg.
Og det er nettopp her eg sit no og forfattar mitt nye blogginnlegg :)
Åååå, som eg kosar meg i min nye favorittstad !

Nett no:  Tyrkisk granateple-te (tuuuuusen takk, kjære tanta mi) i GreenGate-kopp og levande lys i ei kjempefin lykt eg har fått av mi gode svigerinne.

Som de sikkert ser av biletet, er eg ingen fotograf.  Det er Iphonen som har gjort jobben her.



Livet er herlig !

På tampen vil eg ønska min aller første følgar, Mine diller <3,  hjarteleg velkommen inn i mi verd.  Håpar du vil trivast her, og at det kanskje vil føra andre inn her med tida.

Ha ein strålande kveld vidare, alle saman :)



post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3