lørdag 27. oktober 2012

Farvel til sommaren...

...me aldri hadde. Og velkommen vintertid !
Eg har vel innsett at eg må gje 100% slepp på håpet om sommaren 2012. Og det er vel ikkje for seint å gjere det i slutten av oktober, vel ? Heller på tide, vil vel mange sei.
Men når me ikkje har sett snurten av verken varme eller solfylte dagar, har det framleis vore eit lite håp.  Hausten kan jo vera veldig fin og varm hvis den snur den sida til. Men ikkje i år...
No ligg det eit fint kvitt teppe rundt oss og vinteren er nok komen for å bli.




Det jo utrulig fint når det ligg kvitt ute, men det eg ikkje er så glad i er dei milde dagane der alt er vått, glatt og trasig. Tørre og kalde vintrar får mi stemme !


På torsdag var endeleg dagen for den mykje omtala kundekvelden hos Svingen Møbler og Interiør :)
Eg er svært dårleg på overslag, men eg antar at det var rundt 80-90 stk innom i løpet av dei to timane butikken var open. Personalet jobba på spreng for at alle skulle få handla og prøva. All honnør til Kathrine, Helen, Stine Marie og Arvid for eit supert arrangement !

Her ser dåke litt av det eg fekk med meg heim frå butikken



I "goodiebagen" fekk eg Blåbær- og vaniljete ifrå Västergården, eit kjekt nett ifrå BeckSöndergaard, handkremprøvar ifrå Nougat London, duftlys ifrå TineK Home, ei kjempefin skriveblokk ifrå Bloomingville og ein TineK Home-katalog. Tuuuusen takk !!!

Sjølv handla eg skål og to lys, samt ein genser og ein cardigan ifrå Saint Tropez. Ein særs vellukka kveld i mine auge :)

Helga er mine favorittdagar i løpet veka :) 
Ingen overraskelse der, altså. Og denne helga står i korpsmusikkens teikn, då me har seminar i musikklaget eg spelar i. Me reiser til Stavanger neste helg for å delta i Siddis Brass 2012. Dette er ein underhaldningskonkurranse for brassband, og eit av årets korpshøgdepunkt. No er me i innspurten og helga vert nytta til å legga siste hand på verket. Me har vel ambisjonar om å kjempa i øverste halvdel av divisjonen vår, og å gjera det beste me kan utifrå våre forutsetningar. Me er glade amatørar, og trives med det :)

Håpar du har ei strålande vinterhelg ilag med dine nære og kjære, og
HUSK Å STILLA KLOKKA EIN TIME TILBAKE I NATT :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3