onsdag 24. oktober 2012

I love wednesdays !

Hei !

Først vil eg nytta høvet til å takka for alle koselige tilbakemeldingar eg har fått i form av kommentarar på innlegga mine. Eg blir kjempeglad når nokon vil leggja igjen eit lite avtrykk etter eit besøk :)  Det varmar veldig mykje <3

Onsdag betyr fridag for meg, noko eg ikkje er spesielt lei meg for . Det er kun prinsessa som er heime då guttaboys er på skulen og i barnehagen, så me jentene nyter dagen.  Vèret innbyr ikkje til noko særleg utektivitet, så me dullar litt inne.
Litt av tida har eg brukt til å endra litt på utsjånaden på bloggen. Vart ikkje heilt fortruleg med slik den i utgangangspunktet såg ut, og syns det er mykje betre no.  Litt snøfnugg i bakgrunnen passa no når alle snakkar om at det er meldt snø dei neste dagane.... Eg trur det først når eg ser det.

Eg er ingen stor fotograf, men håpar å etter kvart å bli flinkare og å få opp kvaliteten på bilda.  Her kjem eit lite "bilderas" meg.

2 av sinkhusa mine som eg er så glad i <3


Ei gamal dør frå 1800-talet som eg kjøpte av ei bekjent. Har ei til som eg har andre planar for :)


Velkommen !


Dagens dekor på stovebordet


Nydelig sinkhjarte 


Svært gamle bøker funne i den gamle låven vår.  Lykta har eg fått av mi kjære svigerinne <3


Underteikna sine aller første sko.


 Ha ein kjempefin dag vidare alle saman !

2 kommentarer:

  1. Heihei Janne !! :)
    Så kjekt å finne deg i bloggeland ! :) Koselig blogg du har her - liker mye av det samme innen interiør ser jeg ! ;)
    Blir koselig å følge med her - stikk gjerne innom bloggen min også om du vil ! Ikke fullt så aktiv for tiden , men titter litt innom andre blogger selv , og skal ikke se bort ifra at det plutselig popper inn et innlegg hos meg også !;)

    Ha en fin kveld i flotte dalen deres Janne - håper snøfnuggene holder seg unna noen uker til ! ;)

    Klem Liv Elin


    SvarSlett
  2. Hei, så fin blogg du har :)
    Glad jeg fant deg! Sliter med nettet mitt for tiden så må bruke iPad, noe som
    går supertregt. Blir så avhengig av Internett når man blogger :) kommer snart på besøk igjen og
    ser mer på bloggen din :) ro ned og ha en flott uke! Klem Anette

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3