fredag 19. oktober 2012

Kundekveld på Svingen !

Eg vil driva litt reklame for ein utrulig flott butikk som me her på vesle Tysnes, er så heldige å ha i vårt vesle sentrum.  Svingen Møbler & Interiør er ein møbelbutikk i Fagmøbler-kjeda, men som i tillegg har ein fantastisk interiøravdeling ein kan drøyma seg vekk i.  Her finn ein kjende merker som TineK Home, Hubsch, Bruka, Bloomingville mm.  I tillegg til dette har butikken ein liten klèsavdeling med merker som Becksøndergaard, Custommade, Blink og Saint Tropez.  Med andre ord ein butikk for dei som er glad i god skandinavisk design og nydelige klèr.

I neste veke inviterer mi gode venninne Kathrine, som driv denne butikken, til kundekveld. Her får ein koma til butikken etter stengetid og rusla rundt i rolige omgjevnader utan stress og mas, ein får prøva deilige smaksprøvar frå den nystarta Matbasaren, og ikkje minst kan ein nytta seg av gode tilbod i butikken.

Svingen inviterte til ein tilsvarande happening i mai og det vart ein ubetinga suksess.
Er det rart eg gler meg ??




1 kommentar:

  1. Så gøy!

    Herlig med slike kundekvelder, kos deg masse!:))
    Tusen takk for herlig tilbakemelding på juleinnlegget mitt, godt det ikke bare er meg som er i julemodus om dagen:))

    Ønsker deg den fin søndag kveld om kommende uke:)
    God klem!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3