søndag 21. oktober 2012

Ny veke ~ Nye moglegheiter

Vel overstått helg !
For min del starta den med ein roleg fredagskveld ilag med familien.  Me veksla mellom TV2 og NRK og fekk vel med oss det viktigaste.  Pussig at fredagen er så proppfull av kjekke program medan resten av veka for det meste er så som så.  Vel vel...
Innimellom betyr laurdag jobbing for meg. Ikkje det kjekkaste eg veit, men eg har funne ut at når eg først er på plass er det heilt ok.  Det er tida før eg kjem meg heimanfrå som er verst.
I tillegg måtte eg ein svipptur til Bergen etter jobb i går, for å ta ei MR-undersøking av det eine kneet mitt. Håpar på positivt svar på den.  Ikkje noko kjekt når kroppen protesterer...  Nok om det :)
Svippturar til Bergen bringer ofte med seg kjekke ting òg.  T.d. shopping :)))  Det vart ikkje mykje tid, men ein snarvisitt på Kremmerhuset greidde eg å "skivsa" inn.
Og her ser dåke resultatet av det besøket.  Skal ikkje mykje til før mor gliser og tenkjer at helga har vore super.


Ikkje verdas beste bilete, men to stk beige puter med offwhite stjerner vart med heim denne gongen. Samt nokre telysestakar, men dei får eg visa ein annan gong.

Dagen idag har vore mest avslapping.  Fekk "shina" huset på føremiddagen slik at resten av dagen vart sett av til kos ilag med familien.  Vèret ein var overraskande bra så det vart ein del utetid.

No skal eg ha meg ein liten bloggrunde før eg tek kvelden.  Vekas logistikkabal er lagt, så no er eg klar for ei ny veke :)
Ha ein fin søndagskveld vidare !

1 kommentar:

  1. Heisann! Så kjekk og fin blogg du har, her skal eg følgje med framover ;) ha ei fin veke ;)
    Janne

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3