onsdag 10. oktober 2012

Nytt i huset

Sidan eg er over gjennomsnittet glad i gamle ting, blir eg spesielt interessert når nokon skal kvitta seg med noko i den kategorien.  Og er eg så heldig å få overta det vert eg særs varm om hjarta :)

Denne gongen var det ei god venninne og kollega som skulle kvitta seg med overflødige møblar.  Og sjå her kva eg fekk ta med meg heim:

Ein nydelig gamal skjenk med flotte utskjæringar.  Litt ustø på beina etter mange år i bruk, men ikkje verre enn at eg kan få handymannen til å trø til med ei hjelpande hand.  Enno er eg litt usikker på om eg skal behalde den mørke fargen, eller om den etter kvart skal bli kvitmala.  Kva syns du ?
Den får uansett stå som den er i byrjinga.

Var den ikkje fin ?

Nei, no kallar husmorpliktene.  Når mor har ein fridag er det vel berre rett og rimelig at mann og barn får ferdig middag når dei kjem heim.

Ha ein framleis flott haustdag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3