fredag 9. november 2012

Fin fredag :)

Då var arbeidsveka over for denne gong :))

Eg er vanvittig klar for ei deilig frihelg ilag med mannen og yngste sonen. Ingen planar er lagt anna enn at me skal kosa oss saman og slappa av. Det trengs no.

Eg skal også gjera mitt ytterste for å koma på godfot med ryggen min igjen, som har stukke kjeppar i hjula for meg dei siste dagane.  Ikkje veit eg kva som har vore gale, men vond har den vore...

Ellers blir det vel litt "dilling" i heimen, som vanleg... Farsdag er jo på søndag, så me finn nok på noko kjekt då, vil eg tru.

No skal underteikna fylla glaset med noko godt, og finna armkroken til kjærasten <3

Ha ein fortreffelig fredagskveld, gode lesarar !


1 kommentar:

  1. Høyrtes ut som ein god plan!

    Tips til ryggvondt er sånn "spikermatta", den hjelper ikkje mot alt, men for meg er den gull verdt!

    God helg.

    Solveig

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3