lørdag 24. november 2012

Hjorte-snikk-snakk

Laurdag tilbragt ilag med dei beste :)
Ein snartur til Stord for å kikka litt på ting og tang, og det havna sjølvsagt litt godsaker i handleposen til mor denne gongen òg. Hadde håpa å få starta med julegåvene, men med ein trassig kar på 3 1/2 år i hælane, utgjekk det med høge kneløft...

Oppå denne toppen der me har bygd hus, gjekk det tidlegare eit hjortetråkk.  Me merka det veldig godt den første tida etter at me flytta inn. Hjorten passerte rett forbi stoveglaset vårt, og spankulerte rundt på plenen vår. Etter kvart har besøka av desse flotte dyra blitt meir sporadiske, men me får framleis besøk på plenen, dog ikkje like mykje som før.

Poenget mitt med hjortesnakk er nemlig denne karen her, som har flytta inn i heimen vår i dag.


Den ser jo ut som at den er lysebrun på bildet, men på høglys dag er den sjølvsagt kvit. Ein kjekk liten kar som fortida står fint plassert i storstova vår. Her har han full oversikt over det meste me føretek oss. Husrein er han også :)

Han var arbeidsleiar og hadde overoppsynet når eg og Magnar hengte opp tallerkenhylla frå IKEA. Sjølv om ikkje hylla er frå fordums tid, likar eg den svært godt. Har faktisk to stk :)
Blei veldig nøgd med plasseringa, og pr no er den "stæsja" som dette.




Krans frå Bloominville, Sanselig jul, M for Magnar, huslykter frå Søstrene Grene, to søte små blomar, God Jul-hjarte og to keramikkfat av keramiker Liv Sundal. Ferm-stjernene og "bling-bling"-hjartet frå Lene Bjerre har også fått plass. 
På bordet har eg tre gamle bøker, 2 lys frå Vestergården, kvit Asalea <3 og adventstaken frå Køben.

No har laurdagsroen senka seg, og eg har sete meg i godkroken, med pc'en i fanget og kaffi m/mjelk og litt pepperkaker på si.  Eg elskar å kosa meg :))

Kaffi og pepperkaker <3


1 lita veke til julegateopning i vårt vesle sentrum, og 1 dryg veke til det første lyset skal tennast. Kjenner eg blir yr av tanken på den tida me no går inn i. Ser fram mot mørke kveldar med mykje tente lys inne og sprakande fyr i ovnen.
Herlige måltid, herlige lukter og herlige folk. 

Det er vel offisielt no...:
Eg elskar jul !!!
Er ikkje rart eg er i storstrok om dagen :)

Kos dåke vidare på denne siste laurdagen i november !

Klem / Janne


4 kommentarer:

  1. Samme her! gleder meg til å fyre i peisen og tenne lys og julestjerne og pynte til jul !
    det blir godstemning ! jeg fant en ny blogg,,,så fint det var her hos deg! la meg til som følger og gleder meg til å se mer her inne.
    God lørdag til deg :-) klem

    SvarSlett
  2. SÅ MASSE FINT DU VISER!
    IKJE LETT Å JULE HANDLE MED EN 3ÅRING NEI...
    NYT HELGEN!
    KLEM ELI:)

    SvarSlett
  3. Jeg har snikpyntet litt allerede, og gleder meg til mer pynting nå fremover ♥

    SvarSlett
  4. Hei på deg Janne:)

    Koselig innlegg som alltid:).
    Eg har kjøpt meg to sviblar og hengt opp lyslenker, hi hi:), så litt jul har eg snike inn. Adventstjernene ligg klare på bordet her til neste helg, så får eg sjå om eg klare og holda meg...ha ha:)
    Eg hadde store planar om å handla julepresangar idag, og ikkje minst 48 pakkar til pakkekalenderane.. oi, trur eg må begynna snart...

    Fin lørdagskveld:)

    Klems Evelyn:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3