tirsdag 13. november 2012

Finne roen

Ingen ting er som å setja seg ned etter ein lang dag, og finna roen. Eg trur kanskje det eg er aller flinkast til i heile verda, er å kosa meg. Spesielt om hausten og vinteren. Når mørket kjem tidlegare enn ellers og me kan fylla kvar ein krok med levande lys. 

Eg trur forresten eg har ført vidare avslappings- og kosegenet til mine søte små. Dei er minst like glad i kos som mor sjølv :) Dei kranglar nesten om kven som skal tenna lys om kveldane. Noko har eg tydelegvis lært dei, hehehe :)





Dette minner meg om at ein tur på IKEA  snart må gjennomførast. Huset må etterfyllast med lys i alle variantar, før jula kjem. Og så gjer det ingen ting at årets julepyntkolleksjon frå IKEA er komen :)
Har igrunn utsett IKEA-turen alt for lenge no. Dei opna nytt varehus i Åsane tidleg i mai, og eg har ikkje sett mine bein der enno... Nesten krise ! Til og med mannen i huset ymtar frampå om ikkje me skal ta oss ein tur. DÅ er det gale...

Happylights "Winter"

Her skal det visstnok komma voldsomme nedbørsmengder det neste døgeret, så me får skalka alle luker og håpa det går fint denne gongen òg :)

I morgon er det duka for nok eit "Janne-gjer-ting-ho-ikkje-kan"-prosjekt. Det skal eg avsløra litt meir om etter kvart. 
Men det inneber at underteikna opplever sommarfuglar i magen og ei viss kjensle av prestasjonsangst...


Kos dåke på ein tysdagskveld !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3