lørdag 10. november 2012

L for...

...laurdag og lys !
Det er så deilig med frilaurdagar utan ein einaste plan !
Me har hatt ein strålande dag ilag med nære og kjære. Me fekk besøk av mamma og nevøen min, som er vel 8 mnd yngre enn husets yngste medlem. Dei to gutane kokar god ilag, og har kosa seg både ute og inne. Kjekt å ha søskenbarn i så nær alder, som ein går så godt ilag med <3

Eg fekk pressa inn ein liten handletur  på føremiddagen, som enda i litt ymse godsaker.
Favorittbutikken min, Svingen Møbler & Interiør, har begynt å få inn julevarene og eg greidde å legga igjen litt pengar der idag og. Gåvekort er kjekke ting :)

Skulle du vera på Tysnes ein dag, så er ein tur innom Svingen absolutt å anbefale. Her tek fine Kathrine imot deg, og eg kan nesten lova at du går derifrå nokre kroner fattigare enn då du kom.

Som de sikkert ser er eg svak for levande lys.  Vågar ikkje eingong ta opptelling på antall lysestakar og te-lysestakar i heimen...
Her ser dåke resultatet av dagens handel:



Små telys-lykter frå Bloomingville. Utrulig effektfullt med dei små hola :)




Krans frå Bloomingville. Inspirert av Evelyn i Baronivegen brukar eg kransen på bordet i kveld.




Knalltøff trekasse, som hos oss blir brukt til vedkasse. Passa perfekt !




Søtt lite sinkhus frå Walters <3 Er litt hekta på desse sinkhusa, kjenner eg.




Sink-nabolaget mitt, med nyanskaffa Walters i front :)


Eg har eit lite dilemma som eg treng litt hjelp med å løyse, men det tenkjer eg at me tek i morgon. Så er du i tips- og idèmodus så er du hjartleg velkommen innom i morgon :)

Nyt laurdagskvelden ! 

4 kommentarer:

  1. Så fine pynt:)) Eg har og ein gammal trekasse med bokstavtrykk frå ein gammal dynamitt fabrikk på. Har montert hjul på an og den skal få jobba som vedkasse i gamlehuset:) Kjekt å følge med bloggen din:)

    SvarSlett
  2. HEI :)
    SÅ MASSE FINT DU HAR!
    JEG LIKTE EKSTRA GODT TREKASSEN:)
    LA MEG TIL SOM FØLLER:)
    KLEM FRA ELI:)
    HÅPER DU TITTER INN TIL MEG OGSÅ:)

    SvarSlett
  3. Koselige bilder du viser her. Butikken er kjempe fin og må
    alltid innom en tur nnår vi seiler over fjorden.En dag hadde jeg tenkt å ta fergen over mye for det er mye fint å bruke penger på Våge.
    Fin søndag til deg :)

    SvarSlett
  4. Hei på deg:)
    Å så kjekt at du syns det med kransen var fint:). Gøy:)

    Fortsatt fin søndag til deg. No er eg snart klar for sofaen og Farmen:)

    Helsing Evelyn:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3