torsdag 29. november 2012

Morgonstemning

Ny dag her på Solheim, og det ser ut til å bli ein fin ein. Eg greidde iallefall å fanga ein salgs soloppgang på kamera. No ser det derimot ut som om himmelen er på andre tankar.



Kjem det snø, kan hende ?
Gjer det det, veit eg om fleire som vil jubla høglytt :) Eg har nemlig ein kar her i huset som kvar einaste morgon spør om det har kome snø i løpet av natta. Er fleire som gledar seg til skileik, aking og alt anna fine vinterdagar byr på.

Og kva ser eg når eg kastar eit blikk ut av vindauga akkurat no ???
SNØ !

Såååå koselig !
Og med julemusikk i øyra vert eg reint salig her eg sit.
Å, så godt me har det :)

Eg vil få nytta høvet til å takka for koselege besøk og motiverande kommentarar her på bloggen. Det er så utrulig gøy at så mange syns det eg driv med er like kjekt som det eg gjer. Tuuuuuusen takk !!!

Som eg skreiv i går, var eg ute å plyndra området rundt huset litt, og resultatet av pynting av inngangspartiet ser dåke her.

Eitt av dei to trea eg henta med meg heim i går. Skal dei kanskje få lys etter kvart ?



Gamle "Ballangrud"-skøyter ynskjer besøkande velkommen til oss.


Maileg juleuro <3  Denne heng ikkje ute, altså. Ville berre visa den fram.

Då har eg fått gjort litt idag og :) Er muligens ikkje alle som meiner at det eg har gjort er så matnyttig, men så lenge eg er nøgd...

Ynskjer deg ein god torsdag der du er, og at dagen byr på mange gode og inspirerande stunder <3

Klem / Janne





2 kommentarer:

  1. Kjempefint bilde! Som et postkort ♥

    Koselig inngangsparti også. Digger skøytene på veggen :)

    Nyt torsdagen!

    SvarSlett
  2. Så flotte bilder Janne:)

    Janne, no snør da i Rosendal og...Wiihiiii...Eg er i ekstase...ha ha ha...
    Altså, eg diggar snø...I helga er det "Jul i Rosendal", så snø var midt i blinken no. Håpar det kjem masse og at den blir liggande...

    Fin torsdagskveld til deg:)

    Klems Evelyn:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3