mandag 12. november 2012

Nedtelling til København

Då var det på nytt mandag og enno ei veke nærare jul og 2013.  
Ser verkeleg fram til å ta fram jula og la alle planane eg har rundt den sleppa ut. Kan sitta ein heil kveld og berre kikka rundt meg og planlegga. Eg er nok kanskje litt i overkant "julete", men eg kjenner ei som er "verre" enn meg...he he :)



Nett idag er heima den beste staden i verda å vera. Det kjennes som om eg "bryggar" på noko og det har eg slett ikkje tid til.
På fredag reiser nemlig eg og tre kollegar/venninner på førjulstur til København :))
Og sånn som me gler oss !
Og eg kan jo ikkje bli sjuk når eg skimtar ein jentetur i horisonten.





Her er nokre bilder frå tidlegare julemarknader i Tivoli i København. Her skal me tusla rundt og berre kosa oss ei heil helg :))
LYKKE !

No er det tid for pledd, te og varme omslag :)
Ha ein fin mandagskveld alle fine !

(og btw så forblir skjenken som den er. Takk for hjelpa !)


1 kommentar:

  1. Københavntur og julestemning høres herlig ut nå :) God tur!

    Kjekt at du vil være med på min lille giveaway ♥

    Fin mandagskveld ønskes!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3