torsdag 8. november 2012

Ting å bli glad i

I alle heimar finns ting som betyr meir for ein enn andre ting. Kanskje har det med kven ein har fått dei av eller at dei rett og slett gjev oss ei god kjensle utan at ein heilt kan forklara kvifor.
Slik har eg det med fleire ting her heime.

Eg er så heldig å ha ein kjær morfar som no er i sitt 92. år. Han er treskjærar av yrke og har hatt verkstaden i kjellaren i huset sitt i alle år. Han er ikkje heilt overbevist om at me i den yngre garde er noko særlig interessert i desse tinga, men for meg har desse nydelege, handlaga, kunstverka ein heilt spesiell plass i hjarta mitt og i heimen min.
Når ein ser kva han greier å få ut av eit stykke tre kan ein ikkje anna enn å bli imponert.
Her kjem eit par-tre bileter av kva han har laga til meg.



Tallerkenhylla er eit syn ! 



Skrin med fantastiske utskjæringar



Liten behaldar til t.d. tannpirkarar.


Utanom dette er eg så heldig å bl.a. ha to skrin på stett, to budstikker og ei veggklokke. Samt ein fugl som han har laga.
Ellers har mine tre kjære born alle sove sine fyrste månader i ei vogga som oldebesten deira har laga. Eg er så stolt over å kunne visa desse unike tinga fram. Det finns ikkje to like eksemplar, då dei alle er laga for hand. Mønstra er dei same, men alle har sine eigne unike utsjånader.  Og alt er laga av morfaren min <3


Andre ting eg likar å omgje meg med er ting med sjel. Gamle ting som minner oss om det som var før.


Gamle og godt brukte bøker


Eit gamalt vindu, og mitt aller første hardangersaumsforklè. Englevingene er kvite...enn så lenge :)



M for mannen i mitt liv <3


Ha ein flott torsdag alle saman !



1 kommentar:

  1. Så flotte ting:). Flott tallerkenhylla:)

    Eg har nett publisert eit innlegg på bloggen min om tallerkenhyllo mi, eg anar ikkje kva eg skal ha til pynt i den:)

    Stikk innom bloggen min og sjå, eg blir veeeeldig glad for tips og idear:).

    Fin dag til deg:)

    Helsing Evelyn:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3