søndag 11. november 2012

Våt farsdag

Gratulera så masse til alle fedre der ute !

Idag vert "pappadelen" av befolkninga feirast med heimelaga kort, frukost på senga og andre ting som gjer at ein pappa blir varm om hjarta <3

Eg vil gratulera min kjære pappa med dagen, og ønska han ein rolig og fredlig søndag. Ingen jobbing, berre avslapping ! Det fortener du <3
Ellers vil eg gratulera den pappaen eg lever ilag med. Ein betre far må ein leita lenge etter <3
Minsteguten og eg sto opp og baka muffins i dag tidleg. Men pga av små mengdre bakepulver vart ikkje resultatet heilt som forventa... Pytt sann, smaken var god sjølv om utsjånaden var så som så. Hadde planar om å visa resultatet, men dei yt meg ikkje rettferdighet så eg lar det vera... 

Søndagen vert nok tilbrakt innandørs iom at himmelen har bestemt seg for å tømma alle magasin. Men kva gjer vel det når me kosa oss ilag inne. Pinnekjøtet er på kok og me ser fram mot årets første test :)

Så var det dilemmaet eg snakka om i går...
Eg var så heldig å overta ein skjenk av ei god venninne tidlegare i haust. Den er no brun med flotte utskjæringar. Spørsmålet er:

Skal eg mala den kvit ?
Eller kanskje ein annan farge ?


Kva syns dåke ?

Forslag vert tatt imot med stor takk :) Fleire hovud og idear er betre enn eitt.

Takkar til slutt for alle koselege helsingar som vert lagt igjen her inne på bloggen. Eg gler meg like mykje over kvart einaste spor som dåke legg igjen. Og ikkje minst velkommen til nye følgarar, dåke skal bli tatt godt vare på her inne :)

Eg sender ein søndagsklem til alle saman <3 

4 kommentarer:

  1. Hei :-)
    Koselig blogg du har!! :-)
    Vetdu jeg synes du bør la sjenken være akkurat slik den er!! Jeg synes den ser veldig fin ut, og brun fargen ser flott ut! Nydelig nostalgisk med brune massive tremøbler inntil lyse vegger :-)

    Ha en fin dag!
    Ingrid :-)

    SvarSlett
  2. Den er for fin til å males. Sett den inn med møbelolje og gni til det skinner.

    SvarSlett
  3. Hei du:)

    Eg er enig, syns skjenken er veldig fin sånn som den er:)

    Evelyn:)

    SvarSlett
  4. hei:)
    jeg støtter di andre børr være brun!
    klem fra eli:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3