søndag 4. november 2012

Vel blåst !

Då var Stavangerturen over for denne gong, og me har unnagjort sesongens første konkurranse.  Me ankom oljebyen rundt kl 18.30 fredag kveld og var supereffektive dei 20 timane me var der.  Mat, øving, soving, mat igjen, øving, konkurransespeling og lytting før me vendte nasen heimover igjen.  Festen får me ta ein annan gong :)
Resultata kom i går kveld og eg sat spent her heime og venta. Me enda på ein 6. plass i vår divisjon, og vår fantastiske solist vann solistprisen :)) Stolt av vår kjære Camilla !

Men det som eg sit igjen med som den største opplevinga, utanom å kjenna på den gleda det er å spela ilag med kjekke medmusikantar, er det nye konserthuset i Stavanger. Makan til praktbygg skal ein leita lenge etter. Eg drog sjølvsagt fram mobilen og knipsa litt bilder på Instagram, men eg deler dei gjerne med dåke her og.  Både ute og inne var det ikkje spart på nokon ting. Berre så synd me måtte reisa før me fekk sett oss skikkelig omkring. Det får også bli neste gong...

Som de ser, er ikkje bilda av verdas beste kvalitet, men ber over med meg er dåke snille. Mobilen kan brukast til mykje, men den har nok ikkje det beste kameraet...


Balkongane i "Zetlitz"












Fasaden



To glade musikantar :)



No er eg i rydde- og bakemodus. Får tre kollegaer på besøk seinare, og me skal ha siste planleggingsmøte før me reiser på julemarked i Tivoli København.  
Fredag 16.nov set me kursen for Køben og skal kosa oss med julemarked heile helga.  
Gler eg meg ??? JA !!!
Me skal eta godt, drikka godt og kosa oss masse i lag. Først hadde me planlagt tur til julemarknaden i Berlin, men då me i fjor fekk nyss i at den lokale julenissen hadde blanda ulike ting i glühwein'en, valgte me heller København. Tryggast det :)

No skal søndagen nytast litt før eg må kasta meg over resten av kaoset i heimen.  
Pussig det at ingen gjer noko med kaoset når mor er bortreist...  Trur dei at det forsvinn av seg sjølv dersom dei ventar lenge nok ?
Er vel neppe berre eg som har det slik....
Men det skal seiast at heile flokken har vore flinke å hjulpe til med å finna golv og møblar igjen. 

Til slutt må eg Gratulera mi fine svigerinne Elisabeth med 30-års dagen idag !!! 
Du er super :)

Ha ein fantastisk 4. november alle saman !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3