onsdag 7. november 2012

Velkommen !

I og med at vèret ikkje har  innbydd til særleg med uteaktivitetar i dag har eg og prinsessa kosa oss inne.
Ho fekk etterkvart besøk av to gode venninner, så eg vart overleten til meg sjølv...
Og for meg tyder eigentid ofte det same som ein kopp med noko godt, og ein runde i bloggverda.
Då kosar eg meg :)

Men litt "dilling" har eg no fått gjort idag likevel.
Har ordna litt på trappa og fått eit heilt greitt inngangsparti. Er ikkje 100% nøgd, men det får vera slik til eg kjem på noko betre...



Kva syns dåke ?
Eg er som sagt ikkje heilt nøgd, og etter at biletet var teke fjerna eg kobbarforma med lyset. Syns den var litt malplassert...

No er det ettermiddagsro her i heimen, før eg skal tilbringa kvelden ilag med dei aller beste klubbvenninne.

Ha ein fortsatt fin onsdag :)

3 kommentarer:

  1. Koselig:)

    Kos deg på klubb ikveld:)

    Helsing Evelyn:)

    SvarSlett
  2. Hei! Så flott blogg du har! Eg legg meg til som følgar hos deg, og på bloggrollen min!

    Ha ein fin fin dag!

    Mvh Solveig

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3