torsdag 13. desember 2012

Bloggkos før jobb

Så sit eg her og ventar på at det skal bli tid for jobb... Litt av ventetida vart brukt til å tassa rundt ute i snøen med kameraet med. Sidan eg ikkje er så erfaren med kamera blir det mykje prøving og feiling, men det får no berre bli sånn. Satsar på at eg kjem meg etter kvart :)

Ute ligg det omkring 40 cm snø så det er eit nydelig skue. Snødekt vinterlandskap må vera noko av det finaste eg veit. 
Litt bileter vart det idag og...






Då me var på julehandel sist helg vart det sjølvsagt litt smågåver til oss sjølve òg. Som bl.a. desse knallfine lysa frå Living med strikkemønster.


Og dette yndige vetle stettefatet frå Kremmerhuset. Der var det så mykje fint at eg kunne nok tatt med halve butikken heim, om lommeboka hadde tillete det.

Svingen har eg kjøpt meg Durance duftlys med den deiligaste julelukta :)
Kanel og appelsin <3
Treng faktisk ikkje tenna lyset for å få lukta i huset ein gong. 
Herlig ! 



No er neste stopp jobb !

Ha ein flott torsdag vidare alle :)

Klem / Janne

4 kommentarer:

  1. Så mange flotte bilder!
    Vinterstemning :)

    SvarSlett
  2. HEI JANNE:)
    Å DU HADDE KJØPT DEG HERLIGE TING!
    KOSELIGE SNØ BILDER
    KLEM ELI:))

    SvarSlett
  3. Hei og hopp Janne:)

    Tralala, snø er gøy.....hi hi hi... Eg jublar når det snøar.
    Flotte bilder:)

    Klems Evelyn:)

    SvarSlett
  4. Snø er så kjekkt og gir så fin stemning og fint vinterladskap:)så fine ting du har kjøpt,alltid kjekkt med noko nytt:)
    Det med bildetaking kommer etter kvart men gjett om eg kunne tenkt meg et fotokurs,er så masse å lære:)

    Ein fin kveld til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3