onsdag 5. desember 2012

Juletradisjonar

Det finns nok like mange juletradisjonar som det finns familiar. Hos oss har me ikkje så mange, men ein av dei tradisjonane eg set aller mest pris på er dei me har starta etter at eg sjølv fekk born. Julekakebaking og juleverkstad ilag meg ungane og mor mi er toppen av kvalitetstid. Mykje liv og røre, men alltid like koselig. Det einaste som er trasig med det heile, er at tida går så alt for fort. Me har alltid alt for mykje på tapetet, men rekk kun over halvparten...maks...

Idag har me hatt årets (første?) julesamling, og me har storkosa oss. Pepperkaker og smørkransar sto på bakeplanen, i tillegg laga ungane litt julepynt. Men som sagt tida strekk liksom ikkje heilt til... Skulle gjort så mykje mykje meir. Godt me har avtalt ein dag til før jula set inn for fullt :) 


Ein annan juletradisjon i familien vår er denne gamle kjøttkverna.
Alltid i bruk når smørkransane skal lagast :)

Pepperkaker "in progress"

Kveldens produksjon


<3





Heimelaga pepperkaker a la Franciska




Sidan onsdag er min fridag i veka, har Tuva og eg vore heime og kost oss idag. Me hadde oss ein liten luftetur i det nydelige vèret, men det var fort gjort pga temperaturen. -8 C og vind er ikkje noko særlig...
Men me tok like godt med oss inn eit tre !
Eller iallefall ein del av eit tre :)
Lerk er noko av det vakraste eg veit om. Nydelege greiner med små fine kongler. Her oppe hos oss har ikkje lerka så mange kongler, men eg er forelska likevel.








Greinene er pynta med litt småtteri :)




Nydelig <3



Me har hatt ein strålande dag idag !
Håpar på mange slike no i denne deiligi tida me er inne i :)
Ha ein god kveld vidare

Klem / Janne


4 kommentarer:

  1. Ser ut som at dere har hatt en koselig dag!
    Juletida er fin ♥

    Stilig lerketre :)

    Nyt desemberdagene!

    SvarSlett
  2. Så utruleg flotte bilder av mykje stemningsfull førjulstid. At vi har fått snø, er bare heilt perfekt. Idag har tullemor på 4 år fri saman med meg. Vi skal bake julebrød, sjokoladekake og 3 pizza til junior som fyller 8 år idag. Idag blir det familie og vennefest, på tysdag var det fest med gutane i klassen. Etter bursdagen idag, blir da meir pynting :-). Vil ikkje at han skal ha " julebursdag".

    Ha ein fin dag, Janne.

    Klem fra Solveig

    SvarSlett
  3. Hei Janne
    Kjempefint med lerkegreiner, både med og uten nåler. Deilig med slike fridager, blir dessverre ofte nytta til rydding og husvask her... Så flinke de har vært med baking, stoppa visst opp med pepperkaker her ;)
    Ha ein super dag, klem
    Janne

    SvarSlett
  4. HEI JANNE:)
    SÅ KOSELIGT DERE HAR DET
    KJEKT Å BAKE I LAG
    HERLIG PYNTET HOS DEG
    HA EIN FIN DAG
    KLEM ELI:))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3