lørdag 8. desember 2012

Ny sofa - "ny" stove

I går hadde meg og mannen oss ein tur til Bergen for å handla julegåver. Me stakk innom på IKEA i same slengen, og der fann me ut at IKEA Family-medlemmer fekk 30% rabatt på Ektorp sofa, uansett modell.
Dvs kr 6.000,- for hjørnesofa med Svanby beige trekk :)
Problemet var at me ikkje fekk den med oss heim i bilen... Så no var gode råd dyre. IKEA har jo lånehengar, men denne måtte leverast tilbake etter 3 timar. Ikkje lett å få til når ein skal køyra Åsane - Tysnes tur/retur.  Så me bestemte oss for å la sofaen gå, og heller konsentrere oss om det me egentlig reiste for, nemlig julegåvene.

Det kjem vel ikkje som eit sjokk at me ganske kjapt bestemte oss for å reisa tilbake idag og hente ny sofa. Denne gong MED eigen hengar på slep :) 
Og no er begge stovene "nye", og me er berre såååå fantastisk nøgde ! 

Storstova fekk den nye Ektorpen, medan tv-stova fekk inn den mørke sofaen som tidlegare sto i storstova. Alt fungerer sååå mykje betre slik me har plassert dei no. Utrulig kor lite som skal til for så å utgjere så mykje. Kvifor bytte me ikkje om på tinga tidlegare ???

Eg fortalde ei god venninne om sofakjøpet vårt tidlegare idag, og som ho sa; " Det kjem vel bilder av nystova i løpet av kvelden :) "
Ho hadde heilt rett. Her er dei, Lena !







Litt nytt og gamalt om einannan




Engelen eg fekk av Torstein på Haaheim Gaard på utdrikningslaget mitt <3



Strikkesokkane er aldri langt vekke. Desse har eg fått av mi supre svigermor :)
No er det snart laurdagskveld med kos og avslapping.
God mat og litt godt i glaset høyrer med :)

Ha ein fabelaktig kveld der du er !

Klem / Janne

PS Minner om "Gje-vekk'en" min. Den finn du HER


6 kommentarer:

  1. Hei på deg Janne:

    Grattis med ny sofa:). Den er kjempe fin:).
    Vi og har den samme og eg er super fornøgd:). Knallgod og sitta i:). Sofaen passa jo perfekt i stovo di:). Gøy:)

    Fin lørdag til deg og dine:)
    Her og blir det lørdagskos med lasagne og tv:). Digg:)

    Klems Evelyn:)

    SvarSlett
  2. Så flott sofa! Det var jo et kupp :)
    Og så gøy når man blir så fornøyd :)

    Kos deg i den nye sofaen. God helg ♥

    SvarSlett
  3. Kjempefint Janne!! Ha ein fin laurdagskveld i nye stova :)
    Klem Lena

    SvarSlett
  4. GRATULERA MED NY SOFA
    VELDIG KOSELIGT HOS DEG
    NYT KVELDEN
    KLEM ELI:))

    SvarSlett
  5. Wao Janne, da vart fint :) ektorp e super, så greit å skifte stil med nye trekk og
    ;) Fortsatt god helg, klem Janne

    SvarSlett
  6. Gratulere så masse med ny sofa,dj har det kjempefint i stova di:)vi og skulle hatt ny sofa men kommer oss aldri til Ikea,hehe sjølv om det ikkje er så langt fra Stord til Bergen då men hadde liksom vært enklare om det var på øya.)
    Ein fin adventsøndag til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3