onsdag 18. juli 2012

Ro i sjela

Det er ferietid og me ventar på sola alle mann. Akkurat no befinn eg meg på verdas finaste plass, der eg budde heile barndommen min. Her finn eg ro i sjela når det er behov for det. Sjøen, båtar og frodig natur. Kunne gjerne vore litt mindre skyer og nokre fleire varmegrader, men det får eg uansett ikkje gjort noko med.
Utsikta på biletet er frå Lysthuset:)

God sumar :))

torsdag 5. juli 2012

Det beste i livet er gratis

Dagane fyk avgårde og ein greier knapt å kjenna på følelsen av sommar og sjelero.  Ferien er ei veke unna, og for å "halda ut" denne siste veka prøver eg å fokusera på ting som får meg til å smile, bli varm om hjarta og ting som rett og slett er himmelske <3

~ Solmodne norske jordbær med fløyte og sukker på.
~ Fantastisk gode venninner som alltid er der når ein treng dei mest <3
~ Gode kollegaer som gjer at dagane på jobb vert lyse og lystige.
~ Mine 3 søte små, som snart er i ferd med å vekse ifrå meg... <3
~ Min fantastiske mann som er berre min <3
~ Strålande sol frå skyfri himmel :)
~ Nedtellinga til ferien viser 5 arbeidsdagar igjen før 3 veker med kvalietstid og familiekos :))



Dette er berre eit lite utval av mine motivasjonsfaktorar no fram mot FERIE :))
Ha ein fortsatt fin torsdagskveld !

post signature

onsdag 4. juli 2012

Dagens anbefaling

Eg er heimehøyrande på ein liten stad på vestlandet i ekte "Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu"-stil. Me slit med fråflytting og nedbygging, som så mange andre småkommunar rundtom i landet.  Men me er så heldige å ha innbyggjarar som er uredde og nyskapande, og som ikkje går av vegen for å tenkje stort.  Er du ute etter ei unik oppleving i nostalgiske og romantiske omgjevnader vil eg få anbefala eit besøk på Haaheim Gaard.  

Då eg og mannen gifta oss sist haust hadde me bryllaupsmiddagen vår hos Torstein og Svein Henning på Haaheim.  At maten smakar fortreffeleg og omgjevnadene er fantastiske er ei side av Haaheim-opplevinga. Men den ekstra dimensjonen besøket gjev ved at vertskapet underheld med både song, gode historiar og overraskande stunt, gjer at du ønsker at kvelden aldri skal ta slutt. 

Haaheim Gaard kan sporast tilbake så langt som til middelalderen, men mange endringar har skjedd gjennom fleire hundre år og fram til idag. Tunet slik det framstår no vart starta utbygd i 1886, og sveitserhuset som er hovudhuset på garden vart oppført i 1907.  Våren 2011 utvida Haaheim Gaard den nye delen av tunet, med eit storslått nybygg med storsal, nytt kjøkken samt 4 flotte rom for overnatting i overetasjen.  

I tillegg til dei flotte husa på garden er ein tur i den nydeleg opparbeida rosehagen absolutt å anbefale. Her vandrar ein gjennom ulike "rom" i hagen, med ulike lukter og stemningar. 
Haaheim Gaard spesialiserer seg på kortreist mat og vart i januar tildelt Bygdeutviklingsprisen for 2011.

Har du moglegheten, legg gjerne turen innom Haaheim Gaard, og eg set ein liten slump med pengar på at du kjem tilbake.

Nokre bileter frå interiøret i storsalen, tatt av mi kjære svigerinne:








Velkommen

God morgon !
Då er mitt aller første blogginnlegg lagt ut på verdsveven.  Veldig spennande og litt skummelt.
Eg vil nok blogge om litt av kvart av det som opptek meg. Litt interiør, litt kvardagslege ting, litt frustrasjon mm. Vegen vert til medan eg går, får vera oppstartsmottoet mitt.

Ha ein fin dag !