torsdag 27. september 2012

Tung dag...


Sov,du kjære bestefaren vår
Sov i stjerneskinnet
Takk for dagar, takk for år
Og kvart eit gode minne

Tårene vil renne fritt
Saknet djupt oss smerter
Men det gode smilet ditt
Lyser i våre hjarter

Takk for håp i ordet "me"
Takk for gleda du fikk gje
I hjarta me deg gøymer,
og aldri aldri gløymer.

Kvil i fred, kjære bestefaren min <3



post signature






onsdag 19. september 2012

Hausten i mitt hjarte


Endelig er hausten her !
Eg høyrer til den delen av befolkninga som elskar mørke kveldar,  levande lys og vedfyring. Ingen ting slår dette når det kjem til kos. Og kos, det likar me :)
Hausten, og våren og forøvrig, bringer med seg nokre ting som etter kvart har blitt ein tradisjon her i heimen, nemlig ommøblering.  Ein del gjer nok dette mykje oftare enn me gjer, men eg held meg gjerne til desse to tidene av året.

Om våren og sommaren er det aller viktigaste å få lyset inn i huset.  Tette gardiner vert bytta ut med lyse florlette variantar, og sittegrupper vert snudd meir mot vindaugene slik at me ser rett ut i den fantastiske naturen me omgjer oss med.
Haust/vinter hentar eg fram igjen dei tette og litt mørkare tekstilane, møblane vert vendt inn i romma slik at me får mørket i ryggen når me samlast til sofakos.  Og så må me absolutt ikkje gløyma dei levande lysa.  Hausten startar eit lysmaraton for min del.  Eg har ikkje tal på kor mange enkle te-lys me nyttar i løpet av den mørkaste tida av året.  Det er IKKJE få :)

Resultatet av siste ommøblering enda m.a. i at me flytta den eine sofaen frå storstova og inn på kjøkkenet og laga ein kosekrok der inne òg.  Om det var vellukka ? Så absolutt !
No er det faktisk krig om å få plass i kjøkkenkosekroken.  Og med ein liten TV på veggen kan mor få kosa seg med sine favorittseriar medan far er i overkant engasjert i fotballkampane i TV-stova.  Rett og slett ei "vinn-vinn-ommøblering", spør du meg.
Og det er nettopp her eg sit no og forfattar mitt nye blogginnlegg :)
Åååå, som eg kosar meg i min nye favorittstad !

Nett no:  Tyrkisk granateple-te (tuuuuusen takk, kjære tanta mi) i GreenGate-kopp og levande lys i ei kjempefin lykt eg har fått av mi gode svigerinne.

Som de sikkert ser av biletet, er eg ingen fotograf.  Det er Iphonen som har gjort jobben her.



Livet er herlig !

På tampen vil eg ønska min aller første følgar, Mine diller <3,  hjarteleg velkommen inn i mi verd.  Håpar du vil trivast her, og at det kanskje vil føra andre inn her med tida.

Ha ein strålande kveld vidare, alle saman :)



post signature

søndag 9. september 2012

I ny og ne



Det går visst litt tid mellom kvar gong eg har noko på hjarta...  Men ferien fauk avgårde som ein virvelvind, og det same har tida etterpå også gjort.  Dagane er fylt opp med jobb, ungar og ulike aktivitetar for både store og små.  Neimen er det ikkje lett å få tida til å strekke til...

Å oppsummere sommaren vil berre gjere meg lei.  Me var så uheldige at me ikkje fekk ein einaste dag med temperaturar over 20. Og når både vaksne og ungar ser for seg at ferien kun skal bestå av solskinsdagar og badeliv, kjem brakkesjuka snikande fortare enn ein anar.  Men då ferien var over kom det heldigvis litt smak av sommar. Me fekk faktisk oppleva badeliv og solskin, om enn kun for ein dag.  Det var alt eg hadde fri og anlending til.  Me får tru det blir betre til neste år :)

Heilt på tampen av august månad skulle eg få oppleva gåva eg fekk til bursdagen frå mannen min.  Nemlig konsert med Coldplay på Stockholm stadion.
Me reiste til Stockholm onsdagen, og fekk nyta rolege dagar i den svenske hovudstaden i eit herlig sommarvér.  Me rusla gatelangs i timesvis og berre var kjærestar.  Det er langt mellom dei mulighetane me har til å gjera det, så det gjorde veldig godt.
Torsdag kveld var det klart for Coldplay. Mitt absolutte favorittband :)  Ein konsert eg seint vil gløyma.  Eg var så heldig å få oppleva dei på Koengen i Bergen i 2009, men denne siste konserten var magisk.  Ein orgie av lyd og lys som tok fullstendig pusten frå meg.  Eg lever lenge på den opplevinga !
Me fekk alle utdelt lysande armband som fekk stadion til å lysa opp i eit fantastisk fargehav.  Heilt magisk !

Her er ein smakebit frå det me fekk sjå. "Charlie Brown" live frå Stockholm stadion



Tusen takk, M <3



post signature