mandag 29. oktober 2012

1000 TAKK !!!

Eg må innom for å sei tusen takk til alle dei som har besøkt meg på bloggen min, og til dei som har lagt igjen koselige helsingar :)
Eg føler meg enno som ei førstereisjente i bloggverden, men eg trives allreie svært godt her. Eg er blitt tatt godt imot, og besøkstala er kjekk lesning.
Tenk at over 1.000 lesarar har funne vegen inn til meg her på Himmelberget.... Det er så kjekt !

Dåke skal veta at eg set enormt pris på kvar og ein av dåke <3
Fortsett gjerne å stikk innom, så skal eg gjera mitt beste for å fanga interessa di.
Kanskje finn enno fleire vegen inn her etter kvart ?

Nyt mandagskvelden !





søndag 28. oktober 2012

Sliten.no

Etter ei helg med mykje hard jobbing på seminar, er det no tid for litt avslapping og kos ilag med nokre av dei eg likar aller best <3
Favorittsokkane (som mi kjære svigermor har laga til meg) er på, og lesestoffet eg egentlig hadde planlagt til kvelden i går er funne fram. Det funkar like godt idag.
No manglar kun teen, så er eg i mitt ess :)




Kva har du fylt di helg med ?

Ha ei finfin søndagskveld, og nyt siste rest av helga !!!

lørdag 27. oktober 2012

Laurdagsinspirasjon


Litt godis for auga på ein laurdagskveld :)










Bileta er lånt av Svingen og Housedoctor

Ha ein fortsatt strålande laurdagskveld !
No skal eg finna den beste armkroken og kosa meg <3

Farvel til sommaren...

...me aldri hadde. Og velkommen vintertid !
Eg har vel innsett at eg må gje 100% slepp på håpet om sommaren 2012. Og det er vel ikkje for seint å gjere det i slutten av oktober, vel ? Heller på tide, vil vel mange sei.
Men når me ikkje har sett snurten av verken varme eller solfylte dagar, har det framleis vore eit lite håp.  Hausten kan jo vera veldig fin og varm hvis den snur den sida til. Men ikkje i år...
No ligg det eit fint kvitt teppe rundt oss og vinteren er nok komen for å bli.




Det jo utrulig fint når det ligg kvitt ute, men det eg ikkje er så glad i er dei milde dagane der alt er vått, glatt og trasig. Tørre og kalde vintrar får mi stemme !


På torsdag var endeleg dagen for den mykje omtala kundekvelden hos Svingen Møbler og Interiør :)
Eg er svært dårleg på overslag, men eg antar at det var rundt 80-90 stk innom i løpet av dei to timane butikken var open. Personalet jobba på spreng for at alle skulle få handla og prøva. All honnør til Kathrine, Helen, Stine Marie og Arvid for eit supert arrangement !

Her ser dåke litt av det eg fekk med meg heim frå butikken



I "goodiebagen" fekk eg Blåbær- og vaniljete ifrå Västergården, eit kjekt nett ifrå BeckSöndergaard, handkremprøvar ifrå Nougat London, duftlys ifrå TineK Home, ei kjempefin skriveblokk ifrå Bloomingville og ein TineK Home-katalog. Tuuuusen takk !!!

Sjølv handla eg skål og to lys, samt ein genser og ein cardigan ifrå Saint Tropez. Ein særs vellukka kveld i mine auge :)

Helga er mine favorittdagar i løpet veka :) 
Ingen overraskelse der, altså. Og denne helga står i korpsmusikkens teikn, då me har seminar i musikklaget eg spelar i. Me reiser til Stavanger neste helg for å delta i Siddis Brass 2012. Dette er ein underhaldningskonkurranse for brassband, og eit av årets korpshøgdepunkt. No er me i innspurten og helga vert nytta til å legga siste hand på verket. Me har vel ambisjonar om å kjempa i øverste halvdel av divisjonen vår, og å gjera det beste me kan utifrå våre forutsetningar. Me er glade amatørar, og trives med det :)

Håpar du har ei strålande vinterhelg ilag med dine nære og kjære, og
HUSK Å STILLA KLOKKA EIN TIME TILBAKE I NATT :)

torsdag 25. oktober 2012

Det snør, det snør...

...tiddelibom...
Nei, eg er IKKJE klar for vinter enno !
Me har jo enno ikkje fått den sommaren me hadde håpa på...  Det er vel lite me får gjort uansett...

Jaja, no sit eg og ser at klokka tikkar mot jobb.  Eg har rolege torsdagar kvar veke, og nyttar idag tida til å kosa meg i blogguniverset.  Det er så mange kjekke og flotte bloggar der ute, og folk er så uendelig flinke.  Eg blir vanvittig inspirert av bildene og tekstane til dei erfarne bloggarane :)

I kveld går eg direkte frå jobb til kundekveld på Svingen Møbler & Interiør.  Eg gler meg veldig til å kunne gå rundt i butikken utan to-tre utålmodige ungar rundt beina, treffe gode vener, smake på deilig mat laga av Jonas frå Matbasaren og berre kosa meg i lag med likesinna (les: interiørfrelste).






Slik ser det ut utanfor døra hos meg nett no. På biletet ser ein ikkje at det snør, men det kan eg lova deg at det gjer...
Eg må springa !
Ha ein fortsatt flott dag, og KØYR FORSIKTIG !!!

Forresten, kanskje eg ser deg på Svingen i kveld ???

 

onsdag 24. oktober 2012

I love wednesdays !

Hei !

Først vil eg nytta høvet til å takka for alle koselige tilbakemeldingar eg har fått i form av kommentarar på innlegga mine. Eg blir kjempeglad når nokon vil leggja igjen eit lite avtrykk etter eit besøk :)  Det varmar veldig mykje <3

Onsdag betyr fridag for meg, noko eg ikkje er spesielt lei meg for . Det er kun prinsessa som er heime då guttaboys er på skulen og i barnehagen, så me jentene nyter dagen.  Vèret innbyr ikkje til noko særleg utektivitet, så me dullar litt inne.
Litt av tida har eg brukt til å endra litt på utsjånaden på bloggen. Vart ikkje heilt fortruleg med slik den i utgangangspunktet såg ut, og syns det er mykje betre no.  Litt snøfnugg i bakgrunnen passa no når alle snakkar om at det er meldt snø dei neste dagane.... Eg trur det først når eg ser det.

Eg er ingen stor fotograf, men håpar å etter kvart å bli flinkare og å få opp kvaliteten på bilda.  Her kjem eit lite "bilderas" meg.

2 av sinkhusa mine som eg er så glad i <3


Ei gamal dør frå 1800-talet som eg kjøpte av ei bekjent. Har ei til som eg har andre planar for :)


Velkommen !


Dagens dekor på stovebordet


Nydelig sinkhjarte 


Svært gamle bøker funne i den gamle låven vår.  Lykta har eg fått av mi kjære svigerinne <3


Underteikna sine aller første sko.


 Ha ein kjempefin dag vidare alle saman !

mandag 22. oktober 2012

Berre innom...

...for å sei HEI !
Denne veka er litt i overkant stressande, men med litt planlegging kjem me nok i mål.
Møter, treningar, musikkøvingar mm gjer at me oftare kjem til å møtast i døra enn andre stader nett desse dagane.  Men slik er nok kvardagen for fleire enn oss.

Er så kjekt å lesa helsingane som blir skrive her på bloggen, og å sjå at besøkstala stig :)
Ønsker samtidig min nye følgar hjarteleg velkommen til meg <3

I går bestilte eg denne boka hos Bokklubbene, og ser veldig fram til den dumpar ned i postkassa.



Då skal eg sleppa alt eg har i hendene og berre nyta :)
Hjelpe meg, så eg ser fram mot juleførebuingane dette året. Eg er vel neppe åleine om det heller...

Ha ein fortsatt flott mandagskveld, eg må ile !

søndag 21. oktober 2012

Ny veke ~ Nye moglegheiter

Vel overstått helg !
For min del starta den med ein roleg fredagskveld ilag med familien.  Me veksla mellom TV2 og NRK og fekk vel med oss det viktigaste.  Pussig at fredagen er så proppfull av kjekke program medan resten av veka for det meste er så som så.  Vel vel...
Innimellom betyr laurdag jobbing for meg. Ikkje det kjekkaste eg veit, men eg har funne ut at når eg først er på plass er det heilt ok.  Det er tida før eg kjem meg heimanfrå som er verst.
I tillegg måtte eg ein svipptur til Bergen etter jobb i går, for å ta ei MR-undersøking av det eine kneet mitt. Håpar på positivt svar på den.  Ikkje noko kjekt når kroppen protesterer...  Nok om det :)
Svippturar til Bergen bringer ofte med seg kjekke ting òg.  T.d. shopping :)))  Det vart ikkje mykje tid, men ein snarvisitt på Kremmerhuset greidde eg å "skivsa" inn.
Og her ser dåke resultatet av det besøket.  Skal ikkje mykje til før mor gliser og tenkjer at helga har vore super.


Ikkje verdas beste bilete, men to stk beige puter med offwhite stjerner vart med heim denne gongen. Samt nokre telysestakar, men dei får eg visa ein annan gong.

Dagen idag har vore mest avslapping.  Fekk "shina" huset på føremiddagen slik at resten av dagen vart sett av til kos ilag med familien.  Vèret ein var overraskande bra så det vart ein del utetid.

No skal eg ha meg ein liten bloggrunde før eg tek kvelden.  Vekas logistikkabal er lagt, så no er eg klar for ei ny veke :)
Ha ein fin søndagskveld vidare !

fredag 19. oktober 2012

Kundekveld på Svingen !

Eg vil driva litt reklame for ein utrulig flott butikk som me her på vesle Tysnes, er så heldige å ha i vårt vesle sentrum.  Svingen Møbler & Interiør er ein møbelbutikk i Fagmøbler-kjeda, men som i tillegg har ein fantastisk interiøravdeling ein kan drøyma seg vekk i.  Her finn ein kjende merker som TineK Home, Hubsch, Bruka, Bloomingville mm.  I tillegg til dette har butikken ein liten klèsavdeling med merker som Becksøndergaard, Custommade, Blink og Saint Tropez.  Med andre ord ein butikk for dei som er glad i god skandinavisk design og nydelige klèr.

I neste veke inviterer mi gode venninne Kathrine, som driv denne butikken, til kundekveld. Her får ein koma til butikken etter stengetid og rusla rundt i rolige omgjevnader utan stress og mas, ein får prøva deilige smaksprøvar frå den nystarta Matbasaren, og ikkje minst kan ein nytta seg av gode tilbod i butikken.

Svingen inviterte til ein tilsvarande happening i mai og det vart ein ubetinga suksess.
Er det rart eg gler meg ??




tirsdag 16. oktober 2012

Happylights

Hei !

Må berre vise mitt siste innkjøp til heimen; Happylights "Winter"
Kjøpt i mi gode venninne, Kathrine, sin fantastiske butikk Svingen Møbler og Interiør som du finn her på Tysnes.  Absolutt verdt eit besøk !



Valgte "Winter" då den går i fargane kvit, offwhite, mørk grå samt lys lilla som passar kjempebra i heimen.  I første omgang vart dei hengt opp på ein gardinstang-ende, så får me sjå om dei etter kvart flyttar på seg.  Det fine skatollet kjøpte eg brukt for nokre år sidan og eg er framleis like forelska i det.

Her går det i fotball no.  Mann og eldste son er hakket meir engasjerte enn meg og prinsessa...
Heia  Norge !

Hej då :)


søndag 14. oktober 2012

Glade jul !

Heisann !

Etter ei fantastisk og solfylt helg, har eg sunke ned i sofakroken med ein kopp te og ein aldri så liten bloggrunde.  Eg er så smått begynt å tenke litt jul.  Ja, eg veit det er tidlig men eg er så utrulig glad i jula og kanskje aller mest førebuingane, forventningane og pyntinga.
I den forbindelse må eg berre få anbefale ein heilt nydelig juleblogg:

Hannas sjarmerende jul


Her finn du allverdens gode juletips.  Eg har kosa meg med denne bloggen i fleire år no, og eg blir aldri lei :)
Er du like "julete" som det eg er, så er eit besøk her eit "must".

Ha ein fortsatt fin haustkveld :)

torsdag 11. oktober 2012

Nydeleg haustdag

Idag må eg berre visa fram den strålande utsikten me har frå åsen der me bur.  Manglar ein utsikt mot sjøen, er Singelstadvatnet ingen dårleg erstatning.
Hausten er her med full kraft. Nydelege fargar og krystallklar luft. Heilt nydeleg !



Idag har eg fri fram til kl 16, så eg nyter "fridagen" i fulle drag.  Håpar du gjer det same :)

onsdag 10. oktober 2012

Nytt i huset

Sidan eg er over gjennomsnittet glad i gamle ting, blir eg spesielt interessert når nokon skal kvitta seg med noko i den kategorien.  Og er eg så heldig å få overta det vert eg særs varm om hjarta :)

Denne gongen var det ei god venninne og kollega som skulle kvitta seg med overflødige møblar.  Og sjå her kva eg fekk ta med meg heim:

Ein nydelig gamal skjenk med flotte utskjæringar.  Litt ustø på beina etter mange år i bruk, men ikkje verre enn at eg kan få handymannen til å trø til med ei hjelpande hand.  Enno er eg litt usikker på om eg skal behalde den mørke fargen, eller om den etter kvart skal bli kvitmala.  Kva syns du ?
Den får uansett stå som den er i byrjinga.

Var den ikkje fin ?

Nei, no kallar husmorpliktene.  Når mor har ein fridag er det vel berre rett og rimelig at mann og barn får ferdig middag når dei kjem heim.

Ha ein framleis flott haustdag :)