torsdag 29. november 2012

Finaste julesongen

I kveldinga må eg berre få dela med dåke ein av dei aller finaste julesongen eg veit om. Fyrste gongen eg høyrte den var på julekonsert i ei av kyrkjene her på øya, for ein del år sidan. For anledningen var det sett saman eit mannskor som sang denne songen, og me som var tilhøyrarar fekk oss ein stor oppleving. Musikk kan vekke sterke kjensler hos meg, akkurat som t.d. filmar, møter og andre opplevingar. 

Nordnorsk Julesalme av Trygve Hoff er nettopp ei slik musikkoppleving. Nakkehåra reiser seg og eg blir varm både inni og utanpå og ikkje minst svært rørt.  Tekst og melodi gjer noko med meg...

Høyr og nyt !



Ha ein fin kveld <3

Klem / Janne

Morgonstemning

Ny dag her på Solheim, og det ser ut til å bli ein fin ein. Eg greidde iallefall å fanga ein salgs soloppgang på kamera. No ser det derimot ut som om himmelen er på andre tankar.



Kjem det snø, kan hende ?
Gjer det det, veit eg om fleire som vil jubla høglytt :) Eg har nemlig ein kar her i huset som kvar einaste morgon spør om det har kome snø i løpet av natta. Er fleire som gledar seg til skileik, aking og alt anna fine vinterdagar byr på.

Og kva ser eg når eg kastar eit blikk ut av vindauga akkurat no ???
SNØ !

Såååå koselig !
Og med julemusikk i øyra vert eg reint salig her eg sit.
Å, så godt me har det :)

Eg vil få nytta høvet til å takka for koselege besøk og motiverande kommentarar her på bloggen. Det er så utrulig gøy at så mange syns det eg driv med er like kjekt som det eg gjer. Tuuuuuusen takk !!!

Som eg skreiv i går, var eg ute å plyndra området rundt huset litt, og resultatet av pynting av inngangspartiet ser dåke her.

Eitt av dei to trea eg henta med meg heim i går. Skal dei kanskje få lys etter kvart ?



Gamle "Ballangrud"-skøyter ynskjer besøkande velkommen til oss.


Maileg juleuro <3  Denne heng ikkje ute, altså. Ville berre visa den fram.

Då har eg fått gjort litt idag og :) Er muligens ikkje alle som meiner at det eg har gjort er så matnyttig, men så lenge eg er nøgd...

Ynskjer deg ein god torsdag der du er, og at dagen byr på mange gode og inspirerande stunder <3

Klem / Janne





onsdag 28. november 2012

Ikkje lenge igjen no...

Onsdag betyr fridag for meg. Deilig med ein liten pause midt i veka, syns eg.  Idag har eg putla på litt både inne og ute. Vèret har vore kaldt og fint, så eg hadde meg ein runde for å finna litt kvist og kvast ute som eg kunne bruka inne. Enda opp med å dra halve skogen med meg heim, hehe. To små grantre har fått plass på trappa, og så har tatt med meg inn ein brakebusk (einer) og litt furugreiner. Med andre ord har mykje av naturen flytta inn idag :)

Ellers har funne fram den stoooore kassen med julepynt, og så smått begynt å prøva meg fram med noko av innhaldet. Blir ein del prøving og feiling før eg bestemmer meg, men for meg er det litt av sjarmen med pyntinga. Og når noko til slutt finn plassen sin, er det berre sååå kjekt :)
Eg veit...eg har litt snåle lidenskapar...

Ja ! Eg har jo "stæsja" adventsstaken min og ! Er ikkje heilt overbevist, men skal la den få "modne" litt før eg evt byrjar på nytt.  Og når eg først var i gong med advent, laga eg likegodt eit "adventslysfat" òg.

Og sidan eg sjeldan er så kjapp på avtrekkaren, kom eg ikkje i gong med bildetakinga før etter at sola var gått ned. Difor må bilder av inngangspartiet venta til i morgon. Men bildene av ei "semipynta" stove kjem her.

Hjorten vår har fått selskap av ei snødekt gran. Heilt i tida !

Minitreet plassert i ein kurv ifrå 1814 ;)

Adventsstaken "stæsja" med furukvistar og perlelenke, sinktal og kanel :)
Duken skal vekk, altså...ikkje bra :(

Må absolutt tenka meir på denne, ser eg... Og ein ting er sikkert; duken MÅ vekk ! Absolutt ikkje bra...

Skjenken har fått bjellekransar på dørene. Veldig kjekt for 3 1/2 år gamle barnehender...

Adventslysfat. I all enkelhet... Skal nok få noko grønt etter kvart :) Sukker kan brukast til så mangt.

Brakebusken som også fekk bli med inn :) Har, etter mørkets frambrot, fått nokre
sølvkuler  på utvalgte greiner.
Dette var min dag :)
Korleis har din dag vore ?

Klem / Janne

søndag 25. november 2012

Siste søndag før advent

Då var vi der igjen... Helga er på hell og ei ny veke er på trappene. Kvifor er det slik at dei 2 1/2 dagane i ei helg går dobbelt så fort som dei 4 1/2 dagane i resten av veka ??? Ikkje skjønar eg det, men så er det vel slik at ein ikkje skal skjønna alt.

Eg skulle liksom få gjort så masse desse dagane, men sit igjen og har nesten ikkje løfta ein finger. Vel, latskapen lenge leve...
Me hadde middagsgjester og det er alltid koselig. Eg stressar ofte litt for mykje i forkant, men det endar stort sett bra.  Svinesteika ordnar seg igrunn sjølv.

Med steika i ovnen tok eg meg ein liten tur ut. Vèret var fint men med ein iskald vind vart turen av den kjappe arten. Men eg rakk å få med meg inn eit fint lite minijuletre :) Kanskje litt tidleg, men eg greidde simpelthen ikkje å gå ifrå det vesle treet.

Er det ikkje fint ?




Og så har me denne karen her :)  Denne vart også med heim frå bytur i går. Litt ny nostalgi i heimen.



Nei, no skal eg tvangsnyte siste rest av kvelden, og lade opp til ei ny veke.
Det håpar eg du og gjer <3

Klem / Janne

lørdag 24. november 2012

Hjorte-snikk-snakk

Laurdag tilbragt ilag med dei beste :)
Ein snartur til Stord for å kikka litt på ting og tang, og det havna sjølvsagt litt godsaker i handleposen til mor denne gongen òg. Hadde håpa å få starta med julegåvene, men med ein trassig kar på 3 1/2 år i hælane, utgjekk det med høge kneløft...

Oppå denne toppen der me har bygd hus, gjekk det tidlegare eit hjortetråkk.  Me merka det veldig godt den første tida etter at me flytta inn. Hjorten passerte rett forbi stoveglaset vårt, og spankulerte rundt på plenen vår. Etter kvart har besøka av desse flotte dyra blitt meir sporadiske, men me får framleis besøk på plenen, dog ikkje like mykje som før.

Poenget mitt med hjortesnakk er nemlig denne karen her, som har flytta inn i heimen vår i dag.


Den ser jo ut som at den er lysebrun på bildet, men på høglys dag er den sjølvsagt kvit. Ein kjekk liten kar som fortida står fint plassert i storstova vår. Her har han full oversikt over det meste me føretek oss. Husrein er han også :)

Han var arbeidsleiar og hadde overoppsynet når eg og Magnar hengte opp tallerkenhylla frå IKEA. Sjølv om ikkje hylla er frå fordums tid, likar eg den svært godt. Har faktisk to stk :)
Blei veldig nøgd med plasseringa, og pr no er den "stæsja" som dette.




Krans frå Bloominville, Sanselig jul, M for Magnar, huslykter frå Søstrene Grene, to søte små blomar, God Jul-hjarte og to keramikkfat av keramiker Liv Sundal. Ferm-stjernene og "bling-bling"-hjartet frå Lene Bjerre har også fått plass. 
På bordet har eg tre gamle bøker, 2 lys frå Vestergården, kvit Asalea <3 og adventstaken frå Køben.

No har laurdagsroen senka seg, og eg har sete meg i godkroken, med pc'en i fanget og kaffi m/mjelk og litt pepperkaker på si.  Eg elskar å kosa meg :))

Kaffi og pepperkaker <3


1 lita veke til julegateopning i vårt vesle sentrum, og 1 dryg veke til det første lyset skal tennast. Kjenner eg blir yr av tanken på den tida me no går inn i. Ser fram mot mørke kveldar med mykje tente lys inne og sprakande fyr i ovnen.
Herlige måltid, herlige lukter og herlige folk. 

Det er vel offisielt no...:
Eg elskar jul !!!
Er ikkje rart eg er i storstrok om dagen :)

Kos dåke vidare på denne siste laurdagen i november !

Klem / Janne


fredag 23. november 2012

Helg !!!

Det er berre så inderlig deilig med helg !
Iallefall når det er frihelg.

Denne helga kjem eg nok til å tjuvstarta litt med julepynting av heimen. Greier rett og slett ikke å la vera. No syns eg eg har vore flink jente og venta lenge nok :)

Her er det fredagskos for alle penga !  Film  ( The Holiday - min favoritt ! ) og ein god armkrok <3

Ha ein super fredag vidare !



Klem / Janne 

torsdag 22. november 2012

Vinnarlukke !

Plutselig fann eg ut at eg hadde vore så heldig å vinna i gåvedrysset til Camilla med bloggen Villa Greve !
Og berre sjå kva eg vann :


Ei nydeleg trelykt ifrå BoGleder :))
Ser fram til å tenna lys i denne framover.

Ellers så har endelig denne vekas utgåve av lokalavisa vår komen i postkassa mi. Eg fekk nemlig ei utfordring sist veke om å skriva ei sak på Inspirasjonskvelden eg skulle på. Resultatet sto på trykk idag....
Det var ei spent snuppe som først fann eit lite hint på framsida, for så og finna saka på ei HEILSIDE inne i avisa. 



Har teke bilete av avisa, så det blei ikkje akkurat kjempebra. 
Aldri så lite stolt nett no :)


Ha ein fin dag vidare, det skal eg !


onsdag 21. november 2012

Heimens hjarte

Idag tenkte eg å visa fram det rommet i huset som familien vår brukar mest.  Kjøkkenet vårt er i bruk til det meste. Her gjer ungane leksene sine, ein kan sjå tv og her blir sjølvsagt alle måltid inntatt.  Me har god plass her då heile rommet er på rundt 35 kvm.  Og om eg MÅ velga,  så er nok dette rommet det eg trivest best i, då det er så allsidig. Spesielt etter at me sette ein sofa inn her. Då fann mor nok ein favorittkrok...igjen. 

Ytterste delen av rommet er eit utstikk på huset, og her har me himling, og vindauger som går frå golv til tak. 
Det er heilt fantastisk å sitta ved middagsbordet og føla at ein faktisk sit ute.  Me får naturen rett inn vindauga kvar dag, uansett vèr :) 
Og er me skikkelig heldige kan me oppleva å sjå hjorten på plenen rett utanfor. Fine dyr, men dei øydelegg dessverre alt for masse...

Eit lite bilderas frå heimens hjarte :)


Innredning frå Bomankök, og etter 4 1/2 år er enno ikkje sokkelen på "øya" på plass... Det skjer vel i dei beste heimar...







Spiseplassen sett frå stova







Ut i naturen, på kjøkkenet :) Her ser ein litt av det flotte tuntreet vårt òg.


Gamal osteform frå Fellesmeieriet


Kaffisett og Julebok :)


Te, sukker og andre viktige ting er lett tilgjengelig på benken :)


Såpene er greie å kamuflere litt.

Kanskje det vert presentert fleire rom etter kvart ?
Håpar dåke likte det dåke fekk sjå, og gje meg gjerne tilbakemeldingar og/eller gode tips til andre løysingar. Det ser sjeldan likt ut veldig lenge her hos meg. Alt er i stadig endring :)

Ha ein fin onsdag vidare alle saman, og me "knottast" snart !

søndag 18. november 2012

Borte bra, men heime best

Etter ei super helg i København har eg kome meg heim til dei som venta på meg der, og som eg har gleda meg masse til å vera ilag med igjen. 
Me har gått mykje, ete og drukke godt og hatt ei knakande sosial helg. Og eit julepynta København er absolutt å anbefala. Eg storkosa meg ifrå ende til annan.
Og i Kongens by er det berre såååå mykje fint å sjå på... Små "nipsebutikkar", som underteikna elskar, ligg på rekke og rad. Eigne julepyntbutikkar ligg nesten like tett no fram mot jul. Og her finn ein mykje av den nostalgiske pynten som, iallefall eg hugsar frå min barndoms jul. 
Så kjekt å sjå igjen mykje av denne pynten <3

Var også innom Kirk, og der kunne eg utan problem lagt igjen dei 2-3 neste månadslønningane mine. Blir heilt varm av tanken. Godt eg sneik meg til eit par bilder, då :)



Her ser dåke to heller dårlege mobilbilder frå Kirk-butikken. Var redd dei skulle kasta meg ut om dei oppdaga meg... Men butikken var eit syn <3



Etter ein del vandring i Strøget og Nyhavn var me så heldige å fekk bord på Cafe Norden. Fantastisk stad med fantastisk mat og drikke på menyen.
Framleis mobilbilder...sorry...


Hjerte-latte <3


Ein gigantisk Club Sandwich :) Trur du eg vart mett ?




Tema for Jul i Tivoli i år er "Russisk jul møter Nordisk jul"




Kvit jul i Tivoli




Ei av gatene i Tivoli


Me var nok innom det meste av interiørbutikkane København har å by på. I allefall kjennes det sånn ut. Illum Bolighus og Søstrene Grene var vel dei som tente menst pengar på oss :)
Her kjem nokre bilder av det eg fekk med meg heim i kofferten.


Trestjerner frå Ferm Living

Nyyyydelig lyslenke med prismer <3 
Allereie ein favoritt i heimen



Papirstjerner i kvitt og sølvglitter


Tenkte å visa mønsteret litt betre :) Alt som ser grått ut er sølvglitter.


Glitter !


To kvite lyshus frå Søstrene Grene



Nostalgiske julemerker, juleband i stoff, silkeband, juletrelys, papir til "brettestjerner", Sandeltre-såpe og gåveband frå Søstrene Grene. Og ikkje minst trekuler som eg skal laga bordbeskyttelser av. Nok ein gong inspirert av Evelyn i Baronivegen

Kjøpte også ein adventstake i sink, og den skal eg visa fram når eg har "stæsja" den litt opp.

Håpar ikkje dåke vart veldig lei av alle bileta mine. Dei fleste var skikkeleg dårlege, men eg håpar dei gav eit lite inntrykk av kva me fekk sett. Og ikkje minst kva eg fekk med meg heim :)

Mor, eg vil tilbake !!!! 

No er det kvalitetstid ilag med mannen som sår på programmet <3

Nyt resten av helga og lad skikkelig opp til ei ny veke :)




Breakfast at Tiffany's

God morgon frå Køben !
No nyt me ein god frukost på hotellet før me skal gjera byen utrygg :)
Julemarked, loppemarked og ellers andre marked me skulle komma over på vegen, står på programmet.
Fabelaktige jenter å reisa på tur med !
Ein god latter forlenger livet, vert det sagt, og etter denne helga har eg nok fått mange år ekstra :)

Ha ein strålande dag der du er !



Bildet vart jo KJEMPESTORT !!!! Finn ikkje løysinga nett no... Sorry... Bloggar via mobilen - ikkje det beste akkurat...

Sånn då fekk eg rett størresle på bildet :))

torsdag 15. november 2012

Juleinspirasjon

I går var eg og 15 andre damer så heldige å få delta på Inspirasjonskveld hos Tysnes Blomster & Interiør. Kursleiar Jannike Dalland trylla fram både adventsstakar, juledekorasjonar og samanplantingar.
Alt ser jo så lett ut når ho gjer det... Og så er det jo gjort i ein fei...
  
Etter at me hadde fått kyndig rettleiing og masse gode tips, var det vår tur til å jobba på eiga hand. Me fekk tilgong på dei hjelpemidla og alt det "stæsjet" me kunne tenka oss å bruka.  Her var det kun fantasien som sette grenser.
Me hadde ei veldig kjekk stund på butikken, og eg er veldig glad for at eg brukte onsdagskvelden her.  Eg likar så utrulig godt når ein kan kombinera matnyttige ting med sosialisering :)
Er vel eit veldig sosialt vesen, vil eg tru.

Her kjem eit lite bilderas frå kvelden i går. Bildene yt ikkje blomsterkunsten rettferd, men la gå...

Nydelig dekorasjon med Julerose


Julerose med epler


Kanskje litt tidlig ?


Kongler i bøtter og spann :)

Nydelege lykter i bark frå Borg


Asalea <3  Finaste jueblomen


Advent



GreenGate <3

GreenGate Fay White


Green Gate Dora Warm Grey


Kvitt og fint <3

Måtte ha litt bilder frå butikken og. Her er det så mykje fint !
Gløym ikkje å ta turen innom dersom du er på Tysnes.  Og nei, innlegget er IKKJE sponsa. Eg er berre så nøgd med at me har så flotte og kjekke butikkar på denne vesle plassen me bur på. Treng ikkje reisa langt for å drøyma seg vekk :)  Eller tømma lommeboka, for den del...

Bilder av det eg fekk med meg heim får eg ordna over helga. No er det bekmørkt ute...

I morgon reiser eg til København og er ikkje tilbake før søndag. Det blir nok litt stille dagar her på bloggen, men kanskje eg kjem med eit reisebrev ?
For dei som er ekstra interesserte kan du følga meg på Instagram der du finn meg som "jannehatt".  Her vil eg nok dokumentera mykje av det me føretek oss i Kongens by .

Take care, og ha ei strålande helg !

Klem / Janne