søndag 30. desember 2012

Heilt på tampen...

No går me inn i det aller siste døgeret i 2012, og eit nytt år ligg framfor oss. Heilt uberørt, og fylt med nye utfordringar, prøvelsar og opplevingar. 


2012 har vore eit godt år !


Men eg er klar for 2013. 
Klar for alt livet har planar om å gje meg og mine næraste <3


Eg skal berre nyta det siste som er igjen av 2012 fyrst. Og det skal eg gjera ilag med min kjære Magnar, vår vesle Odin, og heile svigerfamilien min :)
Ein heilt herlig gjeng !


Ta godt vare på kvarandre, no og framover !



Siste biletet er frå Solheim idag. Etter at regnet igår tok med seg det meste av snøen me hadde fått til jul, leverte skydekket ei ny ladning idag :)
Veldig vått, men veldig fint !

Jula vår har vore veldig rolig og me har halde oss mest her heime. Det var slik me ville ha det alle saman, og me bestemte oss for å gjera det slik i år.
Og som ei av jentene i huset, Sunniva, sa på vetlejulafta: 
"Dette er den beste jula av alle, og den er ikkje begynt skikkelig eingong "!
Då har me gjort noko rett :)

No skal eg kosa meg med Magnar og ein film !
Me bloggast i 2013 :)

Godt Nyttår til alle !!!

Nyttårsklem / Janne


tirsdag 25. desember 2012

Julefred

Med små glimt frå vår jul vil eg ønska alle fortsatt 
God Jul.
Me nyter late dagar og kosar oss med mykje god mat, god drikke og godt selskap :)





Romjulsklem / Janne



søndag 23. desember 2012

Trekning og God Jul

No er det kvelden før kvelden og julefreden senkar seg sakte men sikkert over den Solheimske heimen.
Ungane ser nest siste episode av Julekongen, mannen lagar god julekvelds og mor trekker "Gje vekk'en"
Ute rasar stormen, men kva gjer det når me har lys, varme og dei me er så glade i rundt oss ?

No skal me nyta julefreden og kosa oss ilag her heime. Berre nyta dagane og gleda oss over at me ikkje treng å gjera noko anna enn det mer har lyst til.

Eg vil få ønska alle som ein som kikkar innom meg på bloggen, ei
Fredelig og God Jul !
Det vert nok litt rolege dagar her på bloggen, men kven veit kanskje kjem det eit innlegg i ny og ne.




Og heilt på tampen skal eg avsløre kven som var den heldige vinnaren av "Gje vekk'en" min. Den heldige vinnaren er : 
Anonyme Carolina

Gratulera !

Juleklem / Janne

lørdag 22. desember 2012

Dagen før dagen før dagen

Ikkje har eg vaska golvet og ikkje har eg børi ved.
Ikkje sett opp fuggelband og ikkje pynta tre ( jo, det har me...)
No set eg meg og kvile og puste på ei stund, 
og håpar eg får gjort litt meir før eg tar meg ein blund.

Denne artige vrien på Alf Prøysens "Julekveldsvisa" fann eg på Facebook i går. Syns den passa fint til meg nett no.

Her  hos oss har dagen gått med til å få det me mangla til husar, og så har me vore på julebesøk til min kjære morfar. Me hadde me oss julebakst og juleblomar til han. Han er i sitt 92. år så gåver vil han absolutt IKKJE ha. Han set mykje meir pris på t.d. heimebakst og den type ting, og difor blir det heller slike gåver til han.

Eg vil nytta høvet til å minna om "Gje-vekk'en" min. Trekninga skjer i morgon, og du finn innlegget med info HER.

No skal katten utav sekken. Her er det ein heldig vinnar får av meg :


Metallboks med nostalgisk motiv, serviettar med Glade Jul, salt- og pepperskåler og ei lyslykt :)

Lukke til !

På tampen vil eg ønska nye følgarar hjarteleg velkommen til meg, Håpar dåke vil trivast her hos meg :)

No er det tid for laurdagskosekveld !


Klem / Janne 

onsdag 19. desember 2012

Du grøne, glitrande tre, god dag !

Velkomen, du som vi ser så gjerne,
med julelys og med norske flagg
og høgt i toppen den gylne stjerne !
Ja, ho må blenkja så vi må tenkja,
ja, ho må blenkja så vi må tenkja
på Jesus Krist, på Jesus Krist


Då har Tuva og eg tatt inn juletreet og fått pynta det. Eg hadde igrunn tenkt å pynta med sølv, kvitt og raudt i år, men det raude forsvant fort, gitt. Syns ikkje det blei slik eg hadde tenkt. Men det endelege resultatet vart ikkje så verst, syns eg.

Godt med alt som er gjort, og no er det berre alt det andre igjen :)


Litt snedig lys... Treet er pynta med sølv og kvitt.

Julepynt laga av eldsteguten Thomas <3
Søt julenisse laga av Tuva <3


Svibel akkurat slik eg vil ha den :) Kraftig krone og ikkje for lang stilk Her ilag med engelen til Tuva <3

Finfin onsdag til alle saman !

Klem / Janne

søndag 16. desember 2012

Travle tider

Lite aktivitet her inne om dagane, og det har eg litt dårleg samvit for. Har liksom så lyst til å gje lyd frå meg og koma med noko koselege ord med jamne mellomrom. Men no om dagane strekk ikkje tida til, dessverre...

Eg vil få nytta høvet til å takka alle som kikkar innom bloggen min, alle som legg igjen hyggelege spor og helsingar her inne og dei som ynskjer å følga meg.
Andre eg vil gje litt merksemd er dei som kjem til meg i kvardagen og takkar meg for å ha laga ein flott blogg med kjekk lesning og mykje inspirasjon. Det er så kjekt å få slike tilbakemeldingar <3
Det set eg så umåteleg stor pris på !
Det betyr så uendeleg mykje for meg at folk set pris på det eg gjer ,sidan det eg skriv kan bli lest lest av veldig mange, noko som eg syns er litt skremmande.

Sjølv om det for tida er litt stille her, kjem eg sterkt tilbake når ting roar seg litt. Tidsklemma har ei klam hand over kvardagen min, og eg gler meg stort til at julefreden snart skal senka seg, slik at eg kan få pusta litt på igjen. 



Kos dåke i førjulstida, så skal eg etter kvart prøva å få gjort det same :)
Gje meg to-tre timar ekstra i døgeret den siste veka, så skal eg koma i mål, eg òg :)

Klem / Janne

torsdag 13. desember 2012

Bloggkos før jobb

Så sit eg her og ventar på at det skal bli tid for jobb... Litt av ventetida vart brukt til å tassa rundt ute i snøen med kameraet med. Sidan eg ikkje er så erfaren med kamera blir det mykje prøving og feiling, men det får no berre bli sånn. Satsar på at eg kjem meg etter kvart :)

Ute ligg det omkring 40 cm snø så det er eit nydelig skue. Snødekt vinterlandskap må vera noko av det finaste eg veit. 
Litt bileter vart det idag og...






Då me var på julehandel sist helg vart det sjølvsagt litt smågåver til oss sjølve òg. Som bl.a. desse knallfine lysa frå Living med strikkemønster.


Og dette yndige vetle stettefatet frå Kremmerhuset. Der var det så mykje fint at eg kunne nok tatt med halve butikken heim, om lommeboka hadde tillete det.

Svingen har eg kjøpt meg Durance duftlys med den deiligaste julelukta :)
Kanel og appelsin <3
Treng faktisk ikkje tenna lyset for å få lukta i huset ein gong. 
Herlig ! 



No er neste stopp jobb !

Ha ein flott torsdag vidare alle :)

Klem / Janne

onsdag 12. desember 2012

Snø til jul ?


Nysnø ! Mengder av nysnø !
Då me vakna til liv her i huset idag, var det som om ein kvit vegg som møtte oss utanfor vindauga. Det snødde så tett at det var vanskelig å sjå noko særlig. Og det haldt det fram med til ca midt på dagen, då roa det seg litt.
Totalt har det vel kome ca 30 cm nysnø iløpet av natta og føremiddagen. 
Eit nydelig vinterlandskap ligg rett utanfor husdøra, og uttrykket "Winter wonderland" er svært beskrivande for omgjevnadane rundt oss no.
Og det er såååå fint !
Håpar berre det blir liggande til jul...

Nokre bilder som viser litt av korleis me har det rundt oss idag.
Ikkje heilt den blå timen, men den blå-grå kanskje ?


Ikkje særlig god klètørk om dagen...





Huset vårt <3



No er det snart avgårde på øving til ein av helgas to julekonsertar. 
Travle tider no fram mot jul, men det er sånn me likar det :)

Ha ein super onsdag vidare :)

Klem / Janne

Ps. Husk "Gje-vekk'en" min. Du finn den HER

tirsdag 11. desember 2012

Fine ting frå fine folk

God tysdag !

Idag har eg vore superheldig, syns eg.
Min kjære pappa kom inn på jobben min tidlegare og bad meg stikka oppom til han før eg skulle køyra heim. Han hadde noko til meg :)
Som sagt, så gjort :)
Av den snille pappaen min fekk eg ein gamal Hansa-kasse i tre, og ifrå kjærasten hans Jorid fekk eg eit nydelig lyshus med svibel <3














 Heldige meg !
Sant dei var fine ?

Tusen takk <3

Kos dåke vidare denne vinterkvelden :)

Klem / Janne

mandag 10. desember 2012

søndag 9. desember 2012

Ny juleheader

Hjelpe meg, kor eg kosar meg med denne bloggen :)
Idag har eg putla på med utforming, bakgrunnar mm. Blei absolutt ikkje like nøgd med alt, men den nye juleheaderen syns eg blei fin. Berre synd den ikkje kan brukast så lenge. 
Eg er nok mest glad i den kvite og naturfarga dekoren, men eg ser at det snik seg inn litt små raude detaljar her og der. 
Difor passar det godt med litt av det same her på bloggen <3



God kveld alle !

Klem / Janne

2. adventssøndag

Så tenner me to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
Dei står og lyser for seg sjølv og oss som er tilstede.
Så tenner me to lys i kveld,
to lys for håp og glede.






Dagens DIY.  Tomme syltetøyglas, eggekvite og sukker. Det var alt som skulle til :)
Snølykter som ønsker god førjulstid !

Tusen takk for koselige helsingar og kommentarar som blir lagt igjen her inne. Eg blir så utrulig glad, og samtlige blir lest <3
Kjekt at fleire vil delta i "Gje vekk'en" min, men det er plass til fleire. Du finn den HER

I morgon er det nissefest i minstemann sin barnehage, så nisseutstyret må leitast fram i kveld...
Blir kjekt med gang rundt juletreet og nissemarsj :) 
Alltid like koselig !

Ha ein finfin søndag alle !

Klem / Janne


lørdag 8. desember 2012

Ny sofa - "ny" stove

I går hadde meg og mannen oss ein tur til Bergen for å handla julegåver. Me stakk innom på IKEA i same slengen, og der fann me ut at IKEA Family-medlemmer fekk 30% rabatt på Ektorp sofa, uansett modell.
Dvs kr 6.000,- for hjørnesofa med Svanby beige trekk :)
Problemet var at me ikkje fekk den med oss heim i bilen... Så no var gode råd dyre. IKEA har jo lånehengar, men denne måtte leverast tilbake etter 3 timar. Ikkje lett å få til når ein skal køyra Åsane - Tysnes tur/retur.  Så me bestemte oss for å la sofaen gå, og heller konsentrere oss om det me egentlig reiste for, nemlig julegåvene.

Det kjem vel ikkje som eit sjokk at me ganske kjapt bestemte oss for å reisa tilbake idag og hente ny sofa. Denne gong MED eigen hengar på slep :) 
Og no er begge stovene "nye", og me er berre såååå fantastisk nøgde ! 

Storstova fekk den nye Ektorpen, medan tv-stova fekk inn den mørke sofaen som tidlegare sto i storstova. Alt fungerer sååå mykje betre slik me har plassert dei no. Utrulig kor lite som skal til for så å utgjere så mykje. Kvifor bytte me ikkje om på tinga tidlegare ???

Eg fortalde ei god venninne om sofakjøpet vårt tidlegare idag, og som ho sa; " Det kjem vel bilder av nystova i løpet av kvelden :) "
Ho hadde heilt rett. Her er dei, Lena !







Litt nytt og gamalt om einannan




Engelen eg fekk av Torstein på Haaheim Gaard på utdrikningslaget mitt <3



Strikkesokkane er aldri langt vekke. Desse har eg fått av mi supre svigermor :)
No er det snart laurdagskveld med kos og avslapping.
God mat og litt godt i glaset høyrer med :)

Ha ein fabelaktig kveld der du er !

Klem / Janne

PS Minner om "Gje-vekk'en" min. Den finn du HER


fredag 7. desember 2012

Gjevarglede



Eg syns det er så utrulig kjekt at eg stadig får nye lesarar på bloggen min. Ikkje hadde eg trudd at så mange skulle finna min kvardag og mine interiøridear interessante.  Utrulig flott er det også å lesa alle dei fine helsingane og tilbakemeldingane eg får. Dåke er så kjekke alle saman <3
Det er stor stor stas ! 

I den forbindelse tenkte eg å tromma saman ein liten "Gje-vekk", eller giveaway som det heiter på fint :)
Kva premien blir vil eg ikkje røpa enno, men eg trur eg kan lova at det blir noko fint. 

Reglane er enkle :
1 lodd for kommentar
1 lodd for å legge seg til, eller allereie vera følgar av Himmelberget
1 lodd for å linke til eigen blogg

Dåke som ikkje har eigen blogg kan også delta, men vèr då snill å legg igjen e-postadressa di sånn at eg evt kan få tak i deg :)
Eg ber om at du skriv i kommentarfeltet kor mange lodd du tar.

Trekning vert på vetlejulafta 23.desember !

Lukke til :)

Klem / Janne

torsdag 6. desember 2012

Nok er nok !

I alle år har me hatt svarte gardinstenger frå IKEA i stova vår. Ikkje spesielt vakkert med ei kolsvart stang i alt det lyse som eller regjerer rommet. Eg har irritert meg over desse stengene i alle år, men ikkje funne nokon som kunne erstatta dei. Eg har tenkt og tenkt og i dag fann eg endeleg ein måte å "kamuflere" desse svarte blikkfanga på :)

Eg har lenge hatt liggande noko offwhite satengstoff som eg ikkje heilt har visst kva eg skulle bruka til, men idag fekk eg ein lys idè. 

Vekk med det svarte og inn med det lyse !

Eg klypte remser på ca 7-8 cm breidde og kveila stoffet rundt stengene. Vart både ujevnt og "flusete", men hjelpe meg for ei forandring det vart !  
Litt rustikt, men veldig fint, syns eg.

Her ser dåke korleis det såg ut før, og korleis det vart etterpå :








Nøgd !

Og no, off to work...

Ha ein fortsatt flott dag i sola :)

Klem / Janne

onsdag 5. desember 2012

Juletradisjonar

Det finns nok like mange juletradisjonar som det finns familiar. Hos oss har me ikkje så mange, men ein av dei tradisjonane eg set aller mest pris på er dei me har starta etter at eg sjølv fekk born. Julekakebaking og juleverkstad ilag meg ungane og mor mi er toppen av kvalitetstid. Mykje liv og røre, men alltid like koselig. Det einaste som er trasig med det heile, er at tida går så alt for fort. Me har alltid alt for mykje på tapetet, men rekk kun over halvparten...maks...

Idag har me hatt årets (første?) julesamling, og me har storkosa oss. Pepperkaker og smørkransar sto på bakeplanen, i tillegg laga ungane litt julepynt. Men som sagt tida strekk liksom ikkje heilt til... Skulle gjort så mykje mykje meir. Godt me har avtalt ein dag til før jula set inn for fullt :) 


Ein annan juletradisjon i familien vår er denne gamle kjøttkverna.
Alltid i bruk når smørkransane skal lagast :)

Pepperkaker "in progress"

Kveldens produksjon


<3





Heimelaga pepperkaker a la Franciska




Sidan onsdag er min fridag i veka, har Tuva og eg vore heime og kost oss idag. Me hadde oss ein liten luftetur i det nydelige vèret, men det var fort gjort pga temperaturen. -8 C og vind er ikkje noko særlig...
Men me tok like godt med oss inn eit tre !
Eller iallefall ein del av eit tre :)
Lerk er noko av det vakraste eg veit om. Nydelege greiner med små fine kongler. Her oppe hos oss har ikkje lerka så mange kongler, men eg er forelska likevel.








Greinene er pynta med litt småtteri :)




Nydelig <3



Me har hatt ein strålande dag idag !
Håpar på mange slike no i denne deiligi tida me er inne i :)
Ha ein god kveld vidare

Klem / Janne