torsdag 3. januar 2013

Å møte eitt nytt år



Kva har me eigentlig i vente når me går eitt nytt år i møte ?

Det som er sikkert er dette;
* 12  månader
* 52 veker
* 365 dagar

Alle ligg der reine og ubrukte som kvite lerret som det er opp til oss å fylle med fargar og liv. Kvar og ein av oss har ein unik moglegheit til å gjera det aller beste ut av kvar einaste av desse dagane som ligg framfor oss.
Eg syns kongen sa det så fint i nyttårstalen sin:

"Bli den du er født til å være. 
Kanskje den viktigste livsoppgave vi mennesker har fått er å bli den beste av oss selv.
For å være tro mot oss selv må vi stå fast ved det vi mener er rett.
Det er opp til oss å finne hvilke verdier som skal styre våre handlinger."

Klok mann han Kong Harald :)


Det er så mykje snakk om nyttårsforsett i desse dagar, og eg er sikker på at overvekten av forsetta går på vektnedgang, røykeslutt og meir trening.
Kva om me heller kunne prøvd å gjera dette på ein litt anna måte ?

Kva om me gjekk kvar dag i møte med ei ny innstilling ?
Kva eg kan gjera for å få det betre, i staden for å forvente at alle andre skal gå i "bresjen" for mi lukke ?
Kan ting eg gjer få folk rundt meg til å smile meir ?


I 2013 skal eg:
* Vera glad for det eg har, og ikkje grine for det eg ikkje har.
* Gje fleire kompliment og positive tilbakemeldingar.
* Bli ferdig med trasige ting og tenke meir positivt.
* Bli ein betre versjon av meg sjølv.


Ambisiøst ? JA, absolutt. 
Men kvifor ikkje ?
Eg siktar mot stjernene, men treff mest sannsynleg tretoppane... 
Men om eit år skal ingen kunne sei at eg ikkje har prøvd <3



Kva er dine mål for året ?

Klem / Janne



3 kommentarer:

  1. Så mange gode tanker du kommer med:)eg har gitt opp slike forsett og har heller mange ønsker og håper noken av dei blir innfridd:)
    Trur ofte at det å spre positive ting til andre,gode ord og et smil kan gjere godt for ein sjølv og godt for andre,tenk at et lite smil kan redde dagen til ein person:)

    Godt nytt år til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Nydelig bilde!

    Håper det nye året blir supert for deg å dine! :)

    Stor nyttårsklem!

    SvarSlett
  3. Mange fine ord Janne, og kloke forsett! Likte den nye headeren din ;) Takk for gode ord på bloggen min ;) Rart å ikkje blogge, men gjekk meg rett og slett lei.. Og no får eg betre tid til å følge med på din blogg ;)
    Godt nyttår, klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3