mandag 14. januar 2013

★ God mandag ★

Enno ei helg er over og me har allereie entra veke nr 3 av 2013. Eg som syns 2012 gjekk fort, har oppdaga at 2013 tydelegvis rasar avgårde i same tempo. Her må ein jaggu henga i stroppen om ein skal rekka over alt ein har planar om i år. Bikkar faktisk midten av januar i denne veka...


I og med at formen har vore "så der" sidan nyttår har eg heller ikkje hatt den store bloggiveren. Men det gler meg noko voldsomt at det likevel er mange som er innom bloggen kvar einaste dag . Sjølv om eg ikkje har noko nytt å by på kvar dag...
Det set eg stor pris på !


Men eg har no putla litt på her heime sjølv om det har gått frykteleg seint... Ting blir stadig vekk flytta rundt på og får nye "heimstader". Kjekt å kunne fornye seg litt med enkle midler.


Nokre nye småting har eg likevel greidd å få heim :)

Denne kule Peace-puta frå Au Maison

Fasettglas frå TineK Home 
Desse skal eg garantert ha fleire av. Nydelege !

  

Og til slutt må eg berre visa dåke dei knalltøffe bootsa frå Debbie's eg kjøpte på salg her om dagen.
Er dei ikkje stilige ?
Og til tross for dei høge hælane er dei vanvittig gode på foten og gode å gå i. 
Eit knallgodt kjøp om eg skal sei det sjølv :)






Eg er ikkje spesielt glad i hovudskallar, men det får gå greitt i dette høvet...

Alt det nye eg har kjøpt meg har eg funne hos Svingen Møbler på Tysnes.
Heldige er me som har ein så flott butikk i nærleiken :)

Fin mandag, gode folk !

Klem / Janne

2 kommentarer:

  1. HEI:))
    Å STØVELETTENE VAR RÅKULE!
    TELYS HOLERNE LIKE SÅ
    KLEM ELI:9

    SvarSlett
  2. Hei og hoppsann Janne:)
    Så masse stilige ting du har shoppa:). Shopping er gøy:).
    Den peace puta var kjempe kul:).
    Fin mandag til deg og:)
    Klems Evelyn:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3