torsdag 24. januar 2013

Gamal stol i ny drakt

Me har var så heldige å arva eit gamalt  "handmade" spisebord med 6 stolar frå mi kjære svigermor. Dette er  solide gamle og mørke eikemøbler med nydelege utskjæringar og lekre bein ;)
Me visste ikkje heilt kva me skulle nytta bordet til då me allerede hadde spisebord, men me er ikkje rådlause, må veta. 

Me malte bordet kvitt og delte det i to. Slik fekk me to flotte konsollaktige bord.
Her ser de både bord og stol :)



Idag fekk eg pakke i posten frå Stoff og stil med nytt trekk til desse flotte stolane.
Eg har dessverre kun fått pussa og malt to av stolane, då dette er utandørsarbeid, pga lakkfjerning, og det blir det lite av på denne tida av året. Håpar på ein fin sommar med mange sjansar til å få gjort dette ferdig.
Vel, tilbake til dagens omtrekking :)
Og behovet for nytt stoltrekk var absolutt til stades, berre sjå her : 

Dyreprint skal visst vera trendy, men denne slangeimitasjonen har sett dagslys for siste gong... 

Og her ser dåke stolen etter at eg gjekk laus med stiftemaskina :)
Godt nøgd 
er vel dagens underdrivelse.


"Postcard" heiter mønsteret.


Er det ikkje typisk at ting ein utset gong på gong er gjort på 1-2-3 når ein først startar ?
Dette har eg tenkt at kom til å bli eit "putlearbeid", men var gjort på 5 minutt pr stol. 

Kjekt når ting blir så vellukka !

Ha ein finfin torsdag vidare :)

Klem / Janne




4 kommentarer:

  1. Så utrolig fint det ble.
    Morsomt med slike skatter :)
    Kjempefin blogg du har.
    Legger meg til som følger.
    Ha en kjempefin kveld.
    Klem fra Jeanette

    SvarSlett
  2. Å SÅ HELDIGE DÅKE VAR
    NYDELIGE MØBLER!
    NYT KVELDEN
    KLEM ELI:(

    SvarSlett
  3. Tack snälla du för det fina paketet!
    Söta saker och gulligt kort som piggar upp :)
    Ha en fin helg!
    Kram Caroline

    SvarSlett
  4. Så flotte møblene ble, og så lurt det var å dele bordet i to!! Ble knallfint :-)!
    Nå kan møblene leve i mange gode år til!
    =)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3