fredag 11. januar 2013

Interiør i dagspressa

Eg likar, som så mange andre, å drøyma meg vekk i glansa interiørmagasin. Å kikka inn i dei lekraste heimar, der rot ikkje eksisterer og dei smartaste løysingane i verda er samla i eitt og same huset.
For slik er det ikkje hos meg...
Når eg tek eit bilete av ein krok, eit område eller eit møbel her heime, er rotet og kaoset bak meg, men det er det berre eg som veit. Heilt til no... 
Håpar det er fleire som har det slik :)


Eg er eit skikkelig skippertaksmenneske. Det kan ofte bli verkeleg ille før eg tek ei ryddeøkt. Eg har i laaang tid prøvd å få med meg resten av familien på dette med å halda orden i heimen, men dei verkar ikkje like gira som meg. 
Kor mange gongar eg har bedt om at skulesekkar, klér, leiker, fotballkort,  DS'ar mm skal ryddast vekk og ikkje leggast i ulike hyller og krokar, har eg mista oversikten over. Det går liksom ikkje inn...
Frustrasjon til side :)


Men, det eg egentlig ville tipse om no var Interiørsidene til Dagbladet på nett. Her finn ein både gamle og nye repotasjar som iallefall eg kosar meg veldig med. 
Ta ein kikk om du er nyfiken :)



Ha ein fin laurdag alle saman !
Eg skal prøva meg på litt NM-øving, samt heia på min handballspelande son idag :)

Klem / Janne

5 kommentarer:

  1. Dette kunne ha vært skrevet av meg... hihi.
    God helg!

    SvarSlett
  2. Hihi ja det er ikkje lett det der alltid,fatter ikkje at dei ikkje kan klare å hive søppel der det skal vær og henge opp jakke og sko men her er det mannen og eldstejenta som er verst...blir oppgitt hihi

    Forsatt fin helg til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Så kos med et interiørblad, litt snop og en kaffekopp :)

    Ha en flott helg videre!
    Klem

    SvarSlett
  4. Tror det er mange kvinner, koner og mødre som kjenner seg igjen i din situasjon ja... I hvert fall jeg..

    Kanskje vi også kan bli litt flinkere til å "gi faen" av og til..?? Hva gjør det om det er LITT rotete av og til?

    Ha en fin kveld og kos deg med bladene!

    PS! Tusen takk for din kommentar, tror jeg skal ta med meg ditt nyttårsløftet også.. Good one!

    SvarSlett
  5. Hehe, tror vel egentlig de fleste i Blogglandia har det på akkurat samme viset :D.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3