fredag 18. januar 2013

Lilla ~ forut for vår tid :)

I går lanserte Fargerike Årets farge for 2013, og den utkåra vart LILLA !!!

Eg har no funne ut at me var veldig i forkant då me, for 5 år sidan skulle velga fargar i huset vårt.
Veggen i trapperommet som går mellom 1. og 2. etasje har nemlig fargen
Mørk Aubergin.
Snakk om å vera framsynt :)

Rett i forkant av lanseringa av årets farge, bestemte Magnar og eg oss for å tapetsere denne veggen med tapeten "Fort Hjort"


Men kanskje me må revurdere heile tapetseringa no når me plutselig er blitt supertrendy !?

Slik ser "trappeveggen" vår ut :)





I morgon blir det Bergenstur på oss. Alltid eitt og anna ærend som må ordnast.
På planen står bl.a. badekarshopping og bursdagsbesøk. Men ein svipptur innom IKEA og andre kjekke stader skal eg nok også klara å pressa inn :)

 


Klem / Janne

2 kommentarer:

  1. Husker eg tapetserer ein vegg i lilla men etter kvart så blei det for mørkt for meg så den forsvant,men dere er jo trendy,hihi ikkje verst for eg har ikkje mykje lilla blir nok helst lysast mulig,det er fint men veit ikkje om eg kommer til å kjøpe lilla interiørtin(g:)

    Kos der i Bergen imorgen!
    God klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Hei.
    Kjempefin blogg du har og
    såå flott hjem. :)
    Klem Mette.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3