onsdag 2. januar 2013

Nytt år ~ nye moglegheiter


GODT NYTT ÅR !



Første kvardag i det nye året, og eg hadde planar om å kaste ut jula idag...
Men kroppen seier stopp og tvingar meg til sofaslit og mild aktivisering av 3-åringen.

Mykje av dette altså:


Eg var uheldig på vetlejulafta og datt og slo meg kraftig i bakhovudet og fekk ein "Donald-kul" eg trudde kun fanns i teikneserien... Dei fyrste hovudsmertene gav seg, men kulen har ikkje forsvunne heilt. Men eg har no i etterkant fått nokre nakkesmerter som igjen gjev hovudverk som eg har slite med dei siste dagane... 
Ikkje heilt i superform akkurat :(
Med andre ord blir jula verande litt til...

Noko eg har tenkt litt på no når eg har planlagt at jula skal forlate heimen, er kva eg skal erstatte den med.
Kjenner på lysta til litt fornying. Og den lysta er sterk !
Har vel heile det siste året snakka med M om å mala litt eller tapetsere nokre veggar, men det har heile tida kun blitt med "snakket". 
Kanskje 2013 blir året for litt endringar her i heimen ?

Me har ikkje endra nokon ting i huset sidan me flytta inn mai/juni 2008. M
Og me har valgt kun tre ulike fargar i huset :

* Latte - i stovene
* Sans - på dei andre veggane i huset
* Mørk Aubergine - på veggen som går over 2 etg i trapperommet.

Er egentlig veldig nøgd med alle fargane, men eg kjenner likevel på ønsket om litt forandring.
Kanskje ein fondvegg eller noko i den duren.
Men det eg har aller mest lyt til å gjera noko med, er den mørke veggen i trappa.... 
Ser for meg meir lys her :)
Noko a la denne kanskje :


Har igrunn falt litt for denne hjorte-tapeten :) Passande mtp all hjorten me har traskande rundt huset her oppe...

Eller kva med denne ? :


Nei, det blir vel med praten denne gongen også... Men kva gjer vel det ? Me likar oss veldig godt  her slik som det er, så behovet er langt frå prekært.
Men det er jo alltid gøy med noko nytt :)

Eg som hadde lyst til å komma med eit skikkelig superspennande 1.innlegg i 2013... Gjekk ikkje heilt etter planen :(
Jaja, det blir vel likar i mårra...?


Ha ein fortsatt flott 2. januar !

Klem / Janne



4 kommentarer:

  1. uffa då så uheldige du var då
    ønsker deg god bedring
    klem eli:)

    SvarSlett
  2. Huff, høres ikke godt ut!
    God bedring ♥

    SvarSlett
  3. Uff då, sånt e ikkje kjekt. Ta vare på helso. Men alltis kjekt å drøyma om endring, og då e da jo viktig med inspirasjon :-)

    God betring. Klem fra Solveig

    SvarSlett
  4. Hei på deg Janne og Godt nyttår:)
    Off, stakkar deg så uheldig du var då... Håpar formen din kjem seg snart.
    Her er eg nett ferdig med og rydda ut julo, så heile kvelden gjekk med... Det blir liksom litt "tomt" når jula er vekke, men syns det blei litt "ryddigare" liksom... Eg har flytta på alt "dill dallet" mitt, men er sjølvsagt ikkje nøgd... Hahaha...
    God bedring til deg Janne:).

    Klems Evelyn:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3