tirsdag 22. januar 2013

☆ Ordning & reda ☆

Eg er som kjent i overkant opptatt av å ha det fint og organisert rundt meg. Men med 3-5 ungar i heimen vert eg ofte tvinga til å leve i ein meir kaotisk kvardag enn eg innerst inne taklar. Innimellom seier eg til meg sjølv at det skal vel vise igjen at det bur folk her. Då går det litt lettare :)

Eit av problemområda har vore loftsstova vår. Dette rommet har på ein måte blitt ungane sin plass, med alt det fører med seg av rot og kaos. Alle 4 soveromma i huset har har utgong til stova noko som gjer at ungane flyttar ein god del leiker inn her, og desse har dessverre ein tendens til å bli verande. 
Me har hatt ei Expedit-hylle frå IKEA ståande her som har samla mengder av rot, eit databord frå helvete og ein skyvedørsgarderobe som snarast skal UT. 
 Eg har nesten vore på gråten når eg har kome opp her og sett på elendigheten :(

Er det mulig ????????

Legg merke til skiskytinga på pc'en :)
 Må jo få med oss sportssøndag sjølv om me omorganiserer i heimen ;)

Men no er det andre bollar her !
Me gjekk til innkjøp av Billy-hyller med dører, for å få orden i kaoset. I første omgang er det berre eine delen av stova som har fått "førstehjelp".
Me er på oppløpssida i garasjebygginga så loftet der skal få arva fleire av desse "skattane" me no har kasta ut av loftsstova.

For ein lykkefølelse det er å få orden i noko som har sett ut som eit håplaust prosjekt 

Eg blir glad av slikt, eg :)

Sjå berre her så flott det blei :








No er det berre resten igjen...
Men når det blir sååå vellukka går eg gjerne på neste prosjekt med friskt mot 

Nyt den flotte tysdagen me har fått idag !

Klem / Janne


1 kommentar:

  1. Har ventet på disse bildene ;) Ser kjempefint ut! Flinkinger!! ;) Hilsen Therese

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3