tirsdag 15. januar 2013

Tid for hjem

Både eg og ungane mine, som eg mistenker er litt miljøskada, er heftige tilhengarar av tv2-serien Tid for hjem. Eg har fulgt serien i samtlege sesongar og er alltid like spent på kva løysingar design-teamet presenterer for dei ulike oppussingsprosjekta.
I forrige sesong må eg sei eg vart skuffa over mange av episodane. Resultata vart alt for sære for min smak. Men denne sesongen har starta fabelaktig !

Sett bort ifrå resultatet av den omtrekte sofaen, vart utfallet av denne episoden knallfint !
Eg kunne overtatt hytta umiddelbart  

Den røffe kjøkkeninnredninga og grove spisebordet samt dei historiske flisene gjekk rett til hjarta mitt. 
I fell in love 

Fekk du ikkje sett episoden, finn du den HER, og Tid for hjem sine "heimesider" finn du HER

Biletet er frå dagens episode og lånt frå Tv2.no

Sånne program gjer meg såååååå glad :)
Kva syns du om dagens episode og resultatet ?

Klem / Janne



1 kommentar:

  1. Mine unger er nok og miljøskadet ;) De må og se både Tid for hjem og sinnasnekkeren når han er på tv :D Koselig det da ;)
    Kjempebra episode i går!
    Klem Tove

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3