mandag 7. januar 2013

TTT ~ og betre sitjekomfort


Me flytta inn i huset vårt for snart 5 år sidan, og det som sikkert mange kjenner seg igjen i er at når ein flyttar inn før alt er 100% ferdig, så blir det gjerne verande slik...
Det gjeld absolutt for oss også :)
Eg er så heldig at eg er gift med ein skikkelig handyman, og han er så  flink til å finna kjekke og praktiske løysingar på ting som må ordnast. Innimellom glimtar eg og til med tips, men det er i hovudsak Magnar som står for det praktiske her i heimen.

Då me flytta inn kjøpte me oss eit spisebordsett på Bohus, med eikebord og 8 stolar i mørkt kunstskinn. Hadde eg skulla kjøpt idag, hadde nok stolan blitt bytta ut...
Men men, det som har skjedd med tida er at me har sete "i hjel" stolane. Me har rett og slett sete djupe groper i setet, noko som gjer at knehasane no kviler på den harde treramma på setet. Veldig ubehagelig :(

Eg har sjølvsagt tenkt at me må bita i det tidlegare nemde sure eplet og kjøpa nye stolar... Noko som ville blitt rimelig kostbart. 

Men det er her Magnar med sine gode idear og løysingar kjem inn i biletet :)
Me spretta av stoffet som er under kvart sete, skrudde fast ei kryssfinèrplate som passa inn i "seteramma", og stifta stoffet under på plass igjen.
8 stolar vart nye på ein times tid !
Og prisen vart mindre enn det ein ny stol ville ha kosta oss :)

Litt før- og etterbilder. Vart så ivrig i prosessen at det vart ingen midt-i-mellom- bilder, dessverre :)

















Forskjeller er enorm, både å sjå på og å sitja på :)

Og til slutt eit lite bilete av terrassedørene som det tok oss nær 5 år å få ramma inn med gardiner... Men det vart absolutt verdt å vente på 


No må eg berre håpa på meir energi, sånn at eg kan putla på med enno meir kjekt :)
Kanskje det er dags for meg å hiva meg med i ei NIB-utfordring ?
Tenkjer litt på det :)

Ha ein fortsatt fin dag vidare alle gode lesarar !
Glad for at dåke finns 

Klem / Janne 







5 kommentarer:

  1. SÅ BRA
    HERLIGT NÅR
    EI FÅR FIKSA SÅNT
    KOSELIG BILDE AV ALTANDØRO
    KLEM ELI:))

    SvarSlett
  2. Hei på deg Janne:)
    Å guri malla, stolene blei jo heilt som nye, så bra:).
    Nydelig bilde av verandadøro, kjempe fint:)
    Fortsatt fin kveld til deg Janne:)
    Klems Evelyn:)

    SvarSlett
  3. Hei! Så kjekt at du ble med på å min give away, så famt jeg din blogg også! Så koselig du har det, gleder meg til å lese mer:)! Ser du trakk syv lodd hos meg, blir spennende! Husk å legge deg til som følger, du ligger ikke inne på oversikten; ). Ha en fin kveld, klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei !
      Kjekt at du kikka innom meg :)
      Eg la meg til som følger hos deg, og eg finn deg også i oversikta over dei bloggane eg følger. Skjønnar ikkje kvifor eg ikkje finns i oversikta di...
      Ha ein finfin kveld vidare :)
      Klem

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3