lørdag 16. februar 2013

❤ Herlige laurdag ❤

Sjølv om fredagen, iallefall siste halvdel av den, er min favorittdag, 
så er laurdagen slett ikkje verst den heller :)
Det forutset sjølvsagt at eg har fri, og det hadde eg idag !
Hadde eigentlig planlagt å gjera INGEN TING, men den planen viste seg å vera vanskelig å følga. Utan at eg har skeia heilt ut, har det blitt litt stulling i heimen idag og. 
Eg greidde heldigvis å stoppa før eg fann vaskebøtta og moppen... 

Ein liten shoppingtur vart sjølvsagt lagt inn og eg fekk brukt opp siste rest av gåvekort på Svingen
Resultatet vart duftlys og 2 lilla fasettglas frå TineK, lilla skål frå Bruka Design og ein søt liten vase samt to klutar frå Bloomingville.
Lilla er jo årets farge !





Og så var det denne avisartikkelen...
Den ligg dessverre ikkje i nettutgåva til avisa, så eg har kun tatt eit bilete av papirutgåva...
Sidan me skulle ta bilete sjølv, tok det nærare 40 knips til før eg vart nøgd. Er ikkje spesielt fotogen av meg, men dette vart ikkje så verst. 
Det må vel nemnast at fotografen (Magnar) er særs nøgd med eigen innsats ;)



No er det laurdagskos resten av kvelden, med litt tv-kikking og noko ekstra godt i glaset :)

Eg ønsker ny følgar hjarteleg velkommen !
Håpar du vil trivast her inne hos meg :)

Og tusen takk for herlige kommentarar dåke legg igjen her 
Eg set stor pris på kvar einaste av dei !

Ha ein strålande kveld vidare, alle saman !

Klem / Janne 

3 kommentarer:

  1. Så flott bilde av deg i avisa! Har funne ut at eg faktisk har helst på mannen din, sånn ca i -98 ;-)

    Kjekt med gode laurdagar,inkludert shopping. Då er jo sjølvsagt bruk av gåvekort den aller beste betalingsforma!!

    God laurdagskveld til deg.

    Klem frå Solveig

    SvarSlett
  2. herligt med fri helg
    koselig innslag i avisa klem eli:)

    SvarSlett
  3. Så utrulig herlige ting du har kjøpt,kjekkt å kjøpe litt nye ting:)
    Godt med lørdagen til å dille litt egentlig,alltid noko å finne på av forskjellige ting!
    Ønsker deg ein fin søndag!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3