torsdag 14. februar 2013

La det bli lys !

Litt småspent idag, kjenner eg... Lokalavisa har laga ein sak om blogging og eg er ein av dei 2 lokale bloggarane som blir presentert. Har lest artikkelen før den gjekk i trykken, men er spent på å sjå den med bileter og i fiks ferdig versjon.


Lenge har me diskutert kva me skal gjera med lyset på kjøkkenet vårt. Me har spisebordet i eit utstikk med himling, noko som byr på litt utfordringar mtp belysning. Pr idag har me i spotskinne som fungerer greitt nok. Men eg ville jo helst hatt ein pendel eller to hengande over bordet. Og no trur eg eg  kan sei at eg har fått mannen med på laget i denne saken :) Han vil henga lampane midt i rommet, altså på bjelken i himlingen, uavhengig av om bordet står rett under eller ikkje... Greitt nok å ha lampane der når bordet står rett under, men me må gjera noko anna dersom bordet står der du ser det på biletet...
Eg har lenge prøvd å få han til å skjønna kor tåpelig det vil sjå ut med lyskjeldene i ein del av rommet og bordet ei ein annan del, og no trur og håpar eg at eg har gått av med sigeren :)
Spennande å sjå kvar dette endar :)





Eit anna morsomt døme på korleis min mann tenkjer er når me skal henga opp bilder eller anna dill på veggane. Me er så (u)heldige at me har gipskledde veggar, noko som skapar litt meir arbeid når ting skal hengast opp. Mannen meiner då at me berre kan henga tinga opp der stenderane er. Enkelt og greitt !
Det er der eg kjem inn med mine estetiske synspunkt. 
Det trengs !


Nok om det og tilbake til lyset...
Her har eg laga ein liten montasje med mine ønskelampar pr idag :)
Litt ulike typar frå ulike butikkar, Svingen MøblerIKEABohusSkeidar og Living


Kva er din favoritt ?
Eller har du eit godt tips til meg på andre flotte lampar ?

Håpar på flott ein torsdag til alle !
Snart jobb for min del...

Klem / Janne

PS Har forresten registrert bloggen på Bloggurat,
http://bloggurat.net/minblogg/registrere/28bdb73752a0fd7b205923e73d39c7c2d2085377
idag :) 


5 kommentarer:

  1. Alle var fine, likte nr 1 best!
    Ha en flott dag.

    Klem :)

    SvarSlett
  2. Hihi endelig ein blogg uten noko valentingreier,eg har ikkje så sansen for det men jaja nok om det:))
    Så utrulig store flotte vindu,knallfine og alle dei lampene du viser var kjempefine men likte veldig godt dei to nederste,lampeutseende betyr jo masse:))
    Lykke til med valget av lampe!
    Så spennande med repotasje om blogginga,er nok kjempebra,du har ikkje link å legge ut til artikkelen så me kan få sjå?

    Ønsker deg ein fin fin dag!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. HERLIG SPISESTUEROMM DERE HAR
    TI HI DISSE MENNENE
    KLEM ELI:)

    SvarSlett
  4. Hei!

    Leste om deg i avisa, og takk for det! Nydelig blogg du har. Og ein fantastisk heim!! Måtte bla meg lenger og lenger tilbake for her var mykje fint, og eg vil gjerne lese meir så la meg til som følger=)) kjekt å finne andre bloggere i nærmiljøet. Eg bur rett over nuen;) Var innom Svingen møbler her ein dag eg var på besøk på Tysnes, for ein fantastisk butikk! Heldige meg som hadde gavekort, men jammen var det ikkje enkelt å velge seg ut noko blant alt det fine!

    Ønsker deg ei fantastisk helg!!
    Klem frå naboøya;)

    SvarSlett
  5. Dåke e jo så heldige som har et enormt stort kjøkken der dåke nærmast kan få alt mulig te å passa perfekt inn:) Eg syns Pendel 2097 fra Flos e veldig flott! Me hadde tenkt te å ha den i trappeoppgangen, men fant ut at me hadde for liten plass. Ein slik lampe kreve mer luft! Den e riktig nok litt stiv i pris, men et lite tips dersom lottotallene sku tikka inn:) Ein rimeligare lampe som e ein av mine favoritter er Collage fra Louis Poulsen, den e i to ulike størrelser og komme i fleire farga. Ein sånn lampe passe fint over alt!! Og eg har lyst på ein i trappo, ein på soverommet og ein i kjellaren:) Min absolutte favoritt :) Hilsen Elisabeth

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3