lørdag 23. februar 2013

Snart klar...

Då er eg snart klar for å mala sove rommet vårt. Malingsprøvane er i hus og det gjenstår kun å få dei på veggen og ta avgjerda.
Valmuefrø eller Kalkgrå ?
Ved første augekast er kalkgrå favoritten, men det kan sjølvsagt endra seg når den kjem på veggen. 
Eg får dessverre ikkje gjort så mykje idag, då eg snart må gjera meg klar til laurdagsjobbing.
Prøvane kjem på veggen i morgon, og maling vert etter alle solemerker kjøpt inn på måndag.
No er planen å vera "flink pike" å få gjort dette kjapt og effektivt. Så får me sjå kvar på "flink-pike-skalaen" eg havnar til slutt...



På begge bileta er Valmuefrå til venstre og Kalkgrå til høgre.
Eg ser jo no at dei slett ikkje er så ulike... Iallefall ikkje på biletet. 
Litt større forskjell er det "in real life" :)


Eg vil nytta høvet til å ønska ny følgar hjarteleg velkommen til meg, og samtidig takka for alle dei kjekke kommentarane og helsingane som vert lagt igjen her hos meg !
Det er så kjekt å lesa dei !
Eg takkar audmjukt :)

Håpar alle nyt denne flotte laurdagen me har fått servert idag !
Eg skal som sagt nytta den inne på jobb, men til alle dåke som har fri (og sjølvsagt alle dåke andre også):
Strålande laurdag til alle !

Klem / Janne


3 kommentarer:

  1. Gleder meg til å se;) legger meg til her så får jeg følge med;))

    SvarSlett
  2. HALLO JANNE :)
    JEG LIKTE DEN KALKGRÅ
    GLEDER MEG TIL Å SE
    KLEM ELI:)

    SvarSlett
  3. Så gøy med maling, spennande:-).
    Gler meg til og sjå, fine fargar begge to:-).
    Fin søndag til deg:-).
    Vi nyter hyttelivet på Hovden, strålande ver idag:-).
    Klems Evelyn:-).

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3