søndag 24. februar 2013

☆ Vinterferie ☆

...iallefall om ein ser på skuleruta...
Eg må nok jobba nokre dagar til før eg kan titulera meg som ferierande. 
Men gjett om eg ser fram mot det ???

Som sagt så set me kursen mot vårt vinterparadis Hovden iløpet av veka, og tek med oss ei knakande kjekk venninne og borna hennar på turen. Så til saman vert me 3 vaksne og 8! born i alderen 3 - 12 år. 
Veit me egentlig kva me gjev oss ut på ?
Me får stålsetja oss og ta det med eit smil :)
Erfaringsmessig går det veldig bra.

I det nydelege vèret me har hatt i dag, har eg faktisk nytta tida til å få litt orden på heimen innandørs. Galskap, seier du ?
Ja, kanskje, men når heile resten av familien er ute så er det utruleg kva ein får gjort inne. Og innimellom må  det faktisk prioriterast framfor å nytta tida ute...dessverre.
C'est la vie

Ellers har eg fått malt prøvar på soverommet, og me har tatt eit val:
Kalkgrå 


Kalkgrå er den lysaste av dei fargane på bileta :)
Det var den absolutt finaste fargen på det rommet.
Iallefall i det lyset me hadde når me tok valet.
Så no gjenstår kun malingskjøp og sjølve malingsjobben :)

No skal eg kosa meg med restane av helga, og sjå fram mot ei veke med jentekveld og skiferie :)

Nyt dagen !

Klem / Janne


2 kommentarer:

  1. Kalkgrå er en nydelig farge ♥
    Den hadde jeg valgt også :)

    Kos deg på Hovden. Vinterferien blir nok super :)

    SvarSlett
  2. Kalkgrå er veldig fin, jeg vurderer den på kjøkkenet mitt nå :)

    Ha en fin ny uke,
    Klemmer fra Jatte♥

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3