lørdag 16. mars 2013

O, heilage helg !

På Wikipedia vert ordet helg forklart slik :
Helg er et eldre norsk ord, gammelnorsk helgr, avledet av "hellig". Ordet betegner en helligdag, en fridag eller to-tre fridager på rad.
Dette stemmer på ein prikk for min del. Ei helg, og då spesielt ei frihelg er
HEILAG !

Her i huset har me verkeleg tatt denne forklaringa på alvor idag :)
Eg har liksom ikkje kome skikkelig i gong idag... Kjente allerede i går tidleg at lufta var gått litt utav meg, og den følelsen var der i dag morges også. 
Så idag har det vore rimelig stille i fjøset, gitt...

Litt har me no fått gjort. Eller rettare sagt er det Magnar som har vore den flinke av oss.
Han har starta vedproduksjonen til neste vinters kalde dagar, og han har olja kjøkkenbenken !
Kvar gong det blir gjort er det som om me får eit splitter nytt kjøkken :)
Det blir så fint !








Eit renska kjøkken :)
No sit eg og spekulerer i kva som skal få plass der og kva som må pensjonerast...
Det ser så fint ut når det er så strøkent 

Eg kan dessverre ikkje skryta på meg store ting idag... 
Det viktigaste eg har utretta er at eg har kosa meg masse ilag med minsteguten 
Og så har eg handla inn maling til soveromsprosjektet :)))))


Slik ser det ut pr idag så står det att og sjå kor lang tid eg treng for å få malt veggane og få opp gardiner...
Eg er ein skikkeleg latsabb for tida :( 



Dette lever eg etter for tida, og nyter kaffi frå nydelege koppar

Alt smakar betre frå ein slik vakker kopp 

No :
Sesongopning for Brann !
Byen e' Bergen osv...

Ha ein framifrå laurdag vidare !!!

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

1 kommentar:

  1. Eg veit det der med å kjenne at ein bare vil slappe av og nyte helga. Denne veka har eg jobba "full arbeidsveke" for fyrste gang på lenge...var heilt tom i går. Derfor vart det ein lat morgon her. Gjekk i pysjen til kl 11, spela spel, drakk kaffi og åt masse ;-) Så heiv vi oss rundt og køyrte opp i Fjellhaugen. Der hadde vi ein super dag med skiing og kakao! Etterpå var det sofa og Istid 4. perfekt lørdag!!

    Klem frå Solveig

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3