søndag 28. april 2013

♡ Etter sol kjem... ♡

...SNØ, SLUDD OG REGN ???

Nei, veit du kva !? 
Dette var ikkje ein del av avtalen !
No fekk me smaken på det deilige vårvèret me hadde i går, og så vaknar me opp til skikkelig "Vadlasletta".
Snø, sludd og kulig :(


I går kosa me oss ute frå morgon til kveld. Fekk gjort ein masse, og såg fram mot også ein søndag ute i det fri. Men der gjekk me på ein smell, gitt...
Men me kosar oss inne med kaffi, kjeks og kos :)


Så idag vert det inneaktiviter på oss.  Lego er ein sikker vinnar hos 3-åringen, så stovebordet er fylt opp med brannbilar, slepebilar og andre legodeler.
Innekos !


Eg vart så inspirert av Evelyn i Baronivegen og hennar stjernedilla at eg sette i gong med eit stjerneprosjekt.  Ho igjen funne mange idear hos Silje med bloggen Lindevegen.  Takk og pris for at eg fann denne bloggen, for den er berre knallfin !
Vel, eg sette i gong med stikksaga og skar ut 8 stjerner i kryssfiner som eg no ska male og sjå om eg kan nytta til noko fint :)
Jammen er eg glad er er gift meid ein tømrar som har verktøy av alle slag liggande klar til bruk 
No er dei ferdig pussa og klar for maling :)


Eg har lenge gått å kikka på denne klokka hos Tysnes Blomster & Interiør, og i går vart den min :)
Den vart plassert på veggen over det gamle skapet eg kjøpte av ei god venninne sist haust.
Syns kanskje den vart veeeeldig kvit i forhold til skapet, men det kjem seg når eg kjem i gong med prosjektet eg har planlagt for nettopp dette skapet.
Nemlig å male det, skjønar du.
Farge ? 
Nei, ikkje kvit, men Anettes Hus sin farge Rullestein
Ein nydeleg farge som eg trur vil bli super på  dette møbelet !
Eg syns faktisk at møblar med utskjeringar vert finare med lyse fargar. 
 Mønstera kjem mykje betre fram når dei vert lyse, syns eg.  
Kanskje det har noko med skuggeeffekten å gjera ?

Hjarteleg velkommen til ny følgar !  Så kjekt :) 
Håpar du vil trivast her inne hos meg 

Og igjen takk for koselege kommentarar og helsingar dåke legg igjen her på bloggen.
Eg set såååå stor pris på kvar og ein !

Nyt den siste dagen av helga, alle saman :)

Stor klem / Janne

Follow on Bloglovin

3 kommentarer:

  1. Huff, for et vær da!
    Her har det "bare" vært litt regn i dag.
    Satser på at Mai blir en fin måned :)

    Blir spennende å se hva du har tenkt å gjøre med stjernene :)
    Flott skap også forresten!

    SvarSlett
  2. Så nydelig blogg du har og så flink du er med stikksaga, jeg er imponert! Har også sett de nydelige stjernene, gleder meg til å se det ferdige resultatet hos deg :-)

    Så artig at du skal på bloggtreffet i Haugesund, blir superkos

    SvarSlett
    Svar
    1. ... å treffe alle dere fine bloggere på haugalandet :-)

      Ønsker n herlig fridag i morgen!

      Klem
      Netta

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3