lørdag 20. april 2013

♡ Husreglar ♡

Eg må innrømma at eg nok er litt svak for fine ord, sitat og dikt. 
Og når ein kan få dei opp på veggen er det enno betre.  
Då får ein små påminningar og oppmuntringar på sine rundar gjennom huset :)

Denne fantastisk flotte wallstickeren kjøpte eg hos Happylines, og den kom i posten her om dagen.
Og no er den komen på kjøkkenveggen vår 
Gode ord som er verdt å ta med seg kvar einaste dag.
Og så er den på nynorsk 

Eg veit at ein av desse dessverre kjem til å verta brutt ofte...
"Ingen telefonar på bordet" - den blir vanskeleg å halda :(


No er det siste innspurt her heime før underteikna må på jobb.
Kjekkare med helgefri, men det får eg sjå fram mot til neste helg :)

Ha ein flott dag  !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

3 kommentarer:

  1. Eg har dei samme, på engelsk....då eg kjøpte dei var dei ikkje på nynorsk. Eg synst formuleringa var betre på den engelske versjonen. Og eg likar dei så godt, særleg den siste regelen ;-)

    Nyt laurdagen.

    Klem frå Solveig

    SvarSlett
  2. Dei er bare så utrulig fine og er så dekroativt på veggen:))
    Kjempefine ord sjølv om alle ikkje er like lett å holde:))
    Fine lørdag til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Denne er kjempefin! Har den selv :)
    Jeg er også veldig glad i små ord og sitater som kan minne oss på ting i hverdagens travelhet.
    God vakt og god søndag!
    Ingrid

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3