onsdag 17. april 2013

I ♡ Happylights

 Happy onsdag !
Her i huset har det vore fri- og kosedag ilag med dei to eldste borna idag.
Dei har baka muffins og har vore i full sving med pyntinga.  Ikkje det at me har noko spesiell anledning for å kosa oss litt ekstra, men ungane var i bakehumør og eg lot dei styre på.


På middagsmenyen idag står komler m/dertil eigna tilbehør og mandelkjernepudding til dessert.
Skal ha svigermor på middag idag så då køyrer me på med norsk tradisjonsmat.
Og det gjer heller ingen ting at det er det beste som finns :)
God dag med andre ord 

Har dilla litt rundt i huset og har kome til at eg nok må investere i eit par nye sett med Happylights.
Er strålande nøgd med det eine eg har, men har kome til at den stemningsfulle effekten dei gjev ønsker eg meg fleire stader i huset.
Kanskje på det nyoppussa soverommet vårt ?
Bileter av dette kjem etter kvart...







 Ha ein super onsdag alle saman !

Klem / Janne 


Follow on Bloglovin

2 kommentarer:

  1. Høyres ut som dere har hatt ein flott dag og dei muffinsane såg knallgode ut,nam og middag og desserten og,herlig:)
    Happylights er kjempefine,ønsker meg ein til!
    Fine kveld til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. DAGEN HØRES HERLIG UT
    GOD TID OG HERLIG MAT
    KLEM ELI:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3