onsdag 24. april 2013

På hylla ♡

Onsdag er fridag i heimen.  Ialle fall for meg og dottera mi så lenge ho er 2.klassing.  Til neste skuleår vert det andre bollar...  Men me kosar oss alt me kan desse dagane :)
Idag hadde me ein laaaaang morgon i senga med mykje "lått og løye".  Slike stunder er verdt alt !

Når me endeleg kom oss ut av dynene kom ånden over  mor...
Eg kjøpte for ei tid tilbake 2 hyller med tilhøyrande knektar på IKEA, som etter planen skulle opp på kjøkkenveggen.  Men eg rir som kjent ikkje den dagen eg salar, så desse hyllene har stått i boden og støva lett ned...  Men idag er dei endeleg kome på veggen.  Litt styr vart det, men no heng dei godt og skjuler perfekt mine små "skruer-som-blei-skrudd-i-på-feil-plass-i-gipsveggen"-hol.  Så lenge ein ikkje kan sjå dei, så har det aldri skjedd... Er det ikkje slik då ???
Ikkje eit ord til mannen i huset... 


Men eg er nøgd, eg :)
Eit par fine hjerteknaggar, eg har hatt liggande etter ein Kid-tur for evighetar sidan, kom til heder og verdighet igjen.
No spørs det om M i det heile tatt ser endringa når han kjem heim.  


Me hadde ei anna type hylle der tidlegare, men den vart plassert sånn at skruehola skulle treffa stenderverket bak gipsen.  Noko som ikkje automatisk gjorde at den ville henga midt på veggen...
Og dette har irritert meg leeeeeeenge.....
M er nemlig ikkje så oppteken av symmetri, berre det er praktisk :)
Må le litt av han også, men med meg under same tak må nok det praktiske vika for symmetrien.

Nei, no er det middagen som står for tur, før eg går inn i rolla som fotballmamma, når eldsteguten skal i aksjon med laget sitt.
Det vert nok ei våt og kald oppleving.
Dei seier jo at ikkje finns dårlig vèr, berre dårlige klèr, så her får me nok ty til ull innerst igjen...

Ha ein fortsatt framifrå onsdag alle saman !
Og klikk gjerne på hjartet oppe i hjørnet dersom du likar det du ser og leser på Himmelberget 
Det takkar eg for !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

3 kommentarer:

  1. HALLO JANNE:)
    SÅ KOSELIG DETTE BLEI
    UFF BLIR LETT EIT HÅL FEIL JA...
    SÅ DEILIGT MED EIN SÅNN KOSE DAG
    KLEM ELI:))

    SvarSlett
  2. Så kjekkt med ein slik koselig isammen:)herlig!
    Fine kveld til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Herlig med slike kosedager!
    Viktig å nyte det mens ein kan, plutselig en dag er dei store og ute av redet.
    Kjemepfine hyller og flott "stæsja". Hihiii, kjenner godt til alle hola som er der, men som ikkje viser og ikkje har skjedd.. :)

    Ha en fin torsdag!
    Klem Jorill

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3