fredag 26. april 2013

♡ The Queen ♡

Eg proklamerte jo stolt her på bloggen forrige fredag at eg no hadde starta ein ny tradisjon her i heimen. Nemlig friske blomar til helga.  
Og dette må visst ha blitt nettopp ein tradisjon, for eg greidde å gjera det same til denne helga også :)
Ny bukett friske roser pyntar no opp i stova, samt eit eksemplar av den 
ò store bloggarblomen:  Pelargonia type 
Dronning Ingrid.



Ein blom eg ikkje har den fjernaste aning om korleis eg skal halda liv i...
Kun kjøpt pga at den er såååå fin !
Eg får nok lesa meg litt opp på pelargoniapleie :)
Fins det ikkje eigne pelargoniaklubbar ?  Kanskje det er noko å henta der for ein fersking som meg ?


Uansett, helga er over oss og den skal nytast !
Har hatt fri ialg med 3-åringen idag då barnehagen haldt stengt.  Og gjett om me har kosa oss ?
Det var tydelig at han syns det var godt å ha mamma heilt for seg sjølv :)

No er det Brann-kamp og høg temperatur i heimen. Slik er det kvar gong fotballen rullar på skjermen ;)
Ein har då fleire sære hobbyar, må veta :)

Tusen takk til alle som er innom og helsar på her på Himmelberget ♡  
Fortsett gjerne med det :)
Og eg blir veldig glad om du vil stemma på bloggen min hos BoligPluss.
Klikk då på hjarta oppe i venstre hjørnet ♡ 

Ha ein fortsatt flott fredagskveld !

Klem / Janne


Follow on Bloglovin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3