søndag 21. april 2013

To blog, or not to blog...

Eg fekk meg ein ny hobby i september / oktober i fjor, nemlig blogginga.
I fleire år har eg vore ein ivrig lesar av andre sine bloggar, og eg gleda meg til kvar einaste nye bloggrunde eg tok.  I lang tid gjekk eg med tankar om å starta min eigen blogg, der eg fekk bidra med litt av det eg driv med og interesserer meg for og ikkje minst muligens inspirere andre litt.
Eg var jo klar over at den bloggsjangeren eg kasta meg uti, var smal, og at det allereie fanns 13 av desse bloggane på dusinet.  
Men hadde eg kanskje noko anna, noko som ikkje fanns så mykje av frå før ?


Etter at mine gode venninner oppfordra meg til å starta ein blogg, utan at dei på førehand visste om mine tankar rundt dette, sette eg i gong.  Veldig famlande i starten, og med ein stor posrsjon skrekkblanda fryd kvar gong eg skulle publisere noko, men 
EG VAR I GONG !

Og har ein sagt A bør ein sei B, altså...
Ein bør ha noko vetig og fornuftig å komma med.  Ein bør vera vittig, inspirerande og "catchy".  Ein bør fanga publikum og verkeleg ha noko å by på.
Dette føler eg at eg slit med...  Eg greier liksom ikkje å vera interessant nok. 
Eg skulle gjerne hatt massevis av treff og følgarar, men det løsnar liksom ikkje for meg.  

Med minst 2-3 timar for lite i døgeret, jobb, ungar, fritidsaktiviteter mm. slit eg med å finna ting å skriva om som lesarane finn spennande og leseverdig.  Misforstå meg rett; eg er strålande nøgd med at nokon faktisk er innom og les bloggen min, men eg føler sjølv at kvaliteten ikkje er god nok.
Og dette er jo igrunn heilt typisk meg.  Aldri heilt overbevist om at eg strekk til...  Dei som kjenner meg svært godt veit at "Usikker" fort kunne vore mellomnamnet mitt.


Eg bloggar mykje for å utfordre meg sjølv på ting eg ikkje har gjort tidlegare, 
og ting eg veit eg ikkje kan 100%.  
Eg er glad i utfordringar og å ha noko å strekka meg etter.  
Og dette med å skrive for at andre skal lese det, er ei slik utfordring.  
Eg har alltid vore glad i å skrive, og her på Himmelberget får eg muligheten til å gjera nettopp det.  Her vert alt eg skriv, formidla ut til alle via eit lite tastetrykk, og eg er ikkje lenger åleine med tankane og ideane mine.

På ein så liten plass som eg er ifrå, der "alle kjenner alle", og ikkje minst i den jobben eg har, så møter eg mange som er innom bloggen eller som iallefall veit om at eg bloggar.  Og då tenkjer eg nesten konsekvent negativt om det eg driv med. Eller at alle andre tenkjer slik...
Eg blir nesten litt forlegen og flau, for kva har eg egentlig å bidra med ?  
Kva er det eg trur eg er ?
Det er jo igrunn heilt idiotisk å gå rundt å tenkje slik...


Huff !  Nei, dette vart eit langt og litt trasig innlegg...  Det var ikkje meininga på ein fin søndagskveld.
Men er egentlig bittelitt innom tenkeboksen om eg skal fortsetja med blogginga, eller ikkje...
Fortset eg, må eg øva meg veldig på å gje F..., og å ikkje bruka så mykje tid på å fundera over kva andre syns.

Takk for at du orka å lese mi vesle utlufting idag...
Kos dåke med resten av søndagen :)

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

7 kommentarer:

  1. blogg ivei og ikkje tenk så mykje. er alltid kjekt å lese.
    stor og goe klem frå meg til deg :-)

    SvarSlett
  2. Janne! Kjempefin blogg, og som du sa, så utfordrar du deg sjølv med ting du ikkje 100 % kan. Synest det er to gode grunnar til å fortsetja. Eg synest det er einsidig positivt at du vil dela ideane og dagane dine. FLOTT :-) keep it up! -magnhild

    SvarSlett
  3. Hei sann, Janne :)
    Synes det er ein koselig blogg du har, små ting i kvardagen. Du har absolutt ingenting å skjemmast over, så berre fortsett med blogginga du ! Og gled deg over kvardagen, det er dei det er flest av, og del den gjerne med oss.

    SvarSlett
  4. Du har ein kjempe fin blogg Janne,med mange tips og idear:-) Er innom deg nesten kva dag. Så eg synest absolutt du skal fortsette:-) Vær heller litt Pippi,enn Nasse Nøff....;-) KEEP UP THE GOOD WORK!! :-)

    SvarSlett
  5. Stå på skjønne deg,du kan dette og tenk visst alle hadde like blogger,hadde blitt kjempekjedelig men skjønner tankene dine!
    Eg sliter litt med at eg er ikke flink med å lage ting og gjere slike DIY for det er ikkje meg,men vi må jo velge den type blogg vi vil ha så får andre ha sin egen!
    Så klart du må forsette,er alltid innom din eg og synest ikkje det er kjedelig her inne!
    Stå på søte deg;)

    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  6. Å guri malla Janne, eg har da akuratt på samme måte som deg. Dette innlegget var nett som eg sku ha skrive deg sjølv. Eg kjenner meg så utrulig godt igjen. Eg hadde det akuratt som deg, hadde veldig lyst og begynna og blogga, og jammen heiv eg med ut i da, med stor klump i magen, og den har eg forsåvidt litt endo før eg skal posta ein innlegg...hihi.. Men det er blitt litt bedre etterkvart, men kjenner alltid på "off, var detta eit bra innlegg, bildene mine korleis er dei??" Og eg konkluderer jo alltid med at dette var ikkje noke.. Eg og er i tenkeboksen om eg skal fortsetja med blogging eller ikkje. Eg er så utrulig perfeksjonist, så eg holder jo på med eit blogginnlegg i lengre tid... Og sjølvsagt syns e jo ikkje resultatet blir bra...hahaha.. Så blogginga for meg tar så utrulig mykje tid.. Og eg og tenker, eg har jo ingenting og bidra med i den store bloggverda..
    Dette var godt og få ut, så takk for at du hadde dette innlegget:-).
    Eg syns du har ein kjempe koselig blogg Janne, er alltid innom bloggen din. Du skriv så bra og du har kjempe flotte bilder:-). Så eg vil at du skal fortsetja, men eg skjønnar deg... Eg har det akuratt på samme måte:-).
    Ha ein fin søndagskveld:-).
    Klems Evelyn:-).

    SvarSlett
  7. Eg har tenkt det på same måte sjølv mange gongar! Men eg har no halde på i snart 5 år, og held på fortsatt :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3