onsdag 1. mai 2013

♡ 4 down - 8 to go ♡

...og "svush" der var april over og me tusla stille inn i mai.  Månadsskifte vart markert med gnistrande kaldt vèr og stjerneklar nattehimmel ved midnatt, medan me vakna opp til stiv kuling og snøbyger på morgonen...
Enough said...

Ein særs rolig dag, då jenta i huset starta med magesjuke kl 5 :(
Stakkars lita, har sove fleire økter på sofaen i løpet av dagen, men virkar heldigvis kvikkare no.  No kryssar me fingrane for at det ikkje er fleire som går ned for telling.

Har som vanlig putla litt rundt i huset og, ja, flytta på ting :)  Det er liksom det eg gjer når eg er inne.  Og i allefall på slike grå dagar som idag.  Som det gode fagforeningsmedlemmet eg er, burde eg nok stilt opp på det lokale 1.mai-arrangementet, men det vart ikkje i år heller.  Nyttar heller dagen ilag med mine kjære 

Kun mobilbilder idag, dessverre...  Så kvaliteten er så som så...


Litt nytt på lysfatet i stova vart det også.  Eller nytt og nytt, iallefall litt utskifting :)


Ny-klokka som ungane har døypt BigBen :)



Dagen starta med rosa egg til frukost !  
Stilig, og veldig enkelt ;)


I går ettermiddag tok ungane og eg ein tur på stranda og kosa oss.  Med ein heilt annan bekledning enn det me pleier å ha på oss når me er der til vanleg.  
Her snakkar me ull innerst og vinter- og regnklè ytterst. 
Men me hadde det kjempefint, og fekk plukka med oss litt drivved og anna knask som eg nok vil skriva meir om ved eit anna høve.


Som dei fleste andre lengtar me no mot dagar med meir enn +5 grader.  Me er lei av å fryse, lei av å aldri kunne pakke vekk vinterklè og lei av sur vind og snøbyger...
Mykje klaging her no, ser eg...

Men no er det ute av systemet, og me kan konsentrera oss om andre ting :)

Btw, så er eg i gong med 2. del av stjerneprosjektet mitt, men pga veldig mange hender som ynskte å hjelpa til, vart det avslutta og lagt på is for idag.  
Mange kokkar, mykje søl, veit du ;)

Håpar alle har hatt ein fin 1. Mai uansett på kva måte dagen har vore nytta !
No kan det berre bli betre 

Maiklem / Janne

Follow on Bloglovin

3 kommentarer:

  1. Hei og tusen takk for så koselig hilsen fra deg!
    For et vær mai innledes i. Nå skulle vi jo hatt vår!!! Vi får bare krysse fingrer for at den kommer.
    Stakkars jenten deres. Spysyken er værste sort!! Håper dere andre holder dere friske.
    Ellers har jeg dobbeltbooket meg til 1. juni så det ser ut til at jeg må melde avbud. Skikkelig dumt altså! Dette høres jo så kjekt ut!

    Ønsker deg fine maidager!!

    Klem fra Hjørdis

    SvarSlett
  2. Godt du kan klaga for meg og for no er eg så lei av detta været,så kaldt og surt og guffent,flytter snart til varmere strøk altså,Hihi er heilt tragisk så nå har eg og fått klaga litt med god grunn:)me får prøva å sjå positivt på det...
    Fine bilder hos deg og håper den første maidagen er fin,her har me pynta bord og laga litt til Milla sin 5 årsdag i morgen:)

    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Satser på at resten av Mai og sommeren blir KNALLFIN med deilig vær :D

    Ha en fin Torsdag,
    Klemmer fra Jatte♥

    Pssst, har kjørt i gang med gavedryss på bloggen.. bli gjerne med du også :D

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3