lørdag 4. mai 2013

♡ GOD HELG ♡

Berre ein kjapp tur innom bloggen for å ønska alle ei
GOD HELG !
Litt vårlig pynt har fått plass i den fine tallerkenhylla mi 

Heimen har vore angripe av sjukdom siste halvdel av veka.  Fyrst var det Tuva som gjekk ned for telling, før eg tok over.  No håpar eg at eg er på stigande form, og at eg snart orkar meir.


I går kveld hadde eg "heilt-åleine-heime-kveld". Mannen var i 3x40-års dag og ungane var på overnatting hos mormora si. Og akkurat i går var det heilt fint.  Med den elendige formen min var det veldig greitt å ikkje måtte ta omsyn til andre enn meg sjølv...
Men gjett om det er ei som gledar seg til ungane er tilbake og lagar liv og røre i heimen igjen ?


 Idag er det heldigvis ikkje snø som kjem frå oven lenger.  
Kanskje det snur no slik at me endeleg kan sjå våren springa ut i full blom. 
Eg lengtar etter dagar der me kan sitja i solveggen og kjenna på varmen frå vårsola.  
I fjor på denne tida var det slik :)

Eg stussar litt på dette med global oppvarming... 
Ikkje mykje oppvarming å snakka om her iallefall, heller det stikk motsette...


Eg nyttar høvet til å sei TUSEN TAKK for alle kjekke helsingane eg får her på bloggen.  Eg kosar meg med kvar og ein av dei 
Og VELKOMMEN så mykje til nye følgarar !  
Eg set stor pris på dåke alle saman :)

Håpar alle får ein strålande laurdag, og ein finfin helg !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

2 kommentarer:

  1. Hei Janne , betaling mottatt du er hjertelig velkommen på bloggtreff . Mvh karianne

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3