mandag 20. mai 2013

♡ Herlige pinsehelg ♡

Huff, så lite blogging det har blitt i det siste...
Dagane flyr og tida strekk ikkje alltid til.
Denne siste veka har vore svært hektisk, men vart krona med ei nydeleg helg både værmessig og sosialt.

2 av mine 3 born har bursdag no i mai, nærare bestemt 19. og 20. mai.  Dette gjer at det alltid vert litt ekstra hektisk i denne tida.  Men me slår saman feiringane til gutane, og eg snik meg inn med min eigen dag som er den 23., og samlar familien til sosialt samvær med mat og kaker.
I år laga me eit enkelt koldtbord og avslutta med frukt og kaker.  Me var jo vanvittig heldige med vêret, så me nytta heile dagen utandørs.  Ungane var mest opptekne av trampolinen og me andre kosa oss i solsteiken med svært godt selskap. 

Her kjem eit lite bilderas frå vår 1. pinsedag, og feiringa av Odin 4 år og Thomas 10 år 









Håpar alle har fått nyte desse deilige sommardagane me har hatt denne helga 
Me håpar at slike dagar kjem raskt tilbake.  Me blir lett godt vant :)

Ønsker alle ein flott vekestart !

Klem / Janne
Follow on Bloglovin

2 kommentarer:

  1. Nam nam, der var mykje godt!! Vel overstått til gutane.

    Vi har og kosa oss max i helga, eg har til og med bada!! Wohooo, kaldt, ja, men friskt og godt.

    Ny veka, nye mulighetar no.

    Klem frå Solveig

    SvarSlett
  2. Åh så deilig!

    Smil og klem
    -Maia

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3