torsdag 2. mai 2013

It's coral, baby ♡

Eg kikka forsiktig ut glaset då eg våkna idag og fekk mest lyst til å krypa godt under dyna igjen;
2. mai og nysnø !
Eldsteguten trua med streik og ville emigrere til sydlegare strok.  Eg fekk han heldigvis på beina og ut dørane i tide til å rekka skulebilen, om enn noko motvillig.
Eg er heime med Tuva idag då ho framleis ikkje er heilt i form. Enno slapp og pjusk, stakkar :(
Men forhåpentligvis er ho i full vigør igjen i morgon 

Då det ikkje er mykje som minnar om vår ute, nyttar eg internet for å finna vårstemninga.
Og eg har lagt min elsk på den herlige korallfargen som no kjem meir og meir.
Eg har alltid vore svak for TineK og dei fantastiske produkta hennar, og i vårkatalogen frå TineKHome er korall eit herlig innslag.

Alle bileta i dette innlegget er lånt frå TineKHome

Eg kjem i skikkelig vårstemning av desse bileta !
Det er fantastisk at små detaljar kan gjera såååå mykje i eit rom og ikkje minst med humøret :)


 






Fasettglasa er ein av mine absolutte favorittar !
Må nok skaffa meg nokon i korall også ;)

I kveld skal eg kosa meg med gode klubbvenninner  
God mat og fantastisk godt selskap !
Månadens høgdepunkt :)

Ha ein fortreffelig torsdag alle saman !

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

3 kommentarer:

  1. Åhh, eg diggar corall eg og. Den er fantastisk fresh!!

    Vi slapp ikkje unna snøen vi heller... I dag har da snø-sludd-hagla med jamne mellomrom i heile dag :-( kjedlig.

    Eg gjer som du, finn inspirasjon til vår i blad og på nettet!

    Torsdagsklem frå Solveig

    SvarSlett
  2. Nydelige inspirasjonsbilder hos deg:)Tine K har så masse fint og korall fargen er så fin:)
    Eg lengter sånn ned til varmere strøk eg nå,flykter snart,Hihi!

    Fine kveld til deg:)
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Så kjedelig med snø;( WHAT?!

    Håper vesla føler seg bedre.

    Takk for alle dine fine ord inne hos meg, de gjør meg glad!
    Happy fredag og helg til deg!

    Jeg og mannen skal gjøre noe så barnslig som å bunkre oss inne og skru av alle telefoner – for denne helgen skal vi bare være oss <3

    klemklem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3