søndag 16. juni 2013

♡ Herlige Sommartider ♡

Ein fantastisk søndag !

Glade ungar og glade vaksne :)
Kan det bli betre ?
Slik såg det ut hos oss idag




Innimellom all avslappinga har også fått vore litt produktiv idag.
Min svigerfar skar i si tid sin eigen material, og etter at han gjekk bort har materialstablane stått urørte. Her om dagen begynte me å gå gjennom desse for å sjå om noko av det kunne brukast.


Så etter å ha blitt inspirert av dei stilige gjenbruksblomsterkassane til Ann med bloggen Glassveranda, gjekk eg i gong med min eigen, og svært enkle, variant.


Er svært så nøgd, eg :)
Og fleire skal det bli. 
I ulike størrelsar og fasongar.


Rakk akkurat å få beisa dei ferdige før nordavinden jaga oss innomhus.
Drivved er såååå fin !
Meir beis må handlast inn i morgon den dag ;)

Her startar den nye veka med Tine Fotballskule for dei 2 eldste, og ein liten tass som får ein heimedag ilag med pappaen sin. Feberen herjar...

Håpar dåke også har hatt ein flott søndag i det deilige vèret 

Klem / Janne

Follow on Bloglovin

1 kommentar:

  1. Kjempe stilige kasser, slike kunne jeg tenkt meg og! :)

    Mvh.
    Stian N. Moen / Noreen Interiør

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ei helsing <3